Arbeidet med å gjere Fv. 63 Trollstigen klar for opning nærmar seg slutten.
Brøytinga starta førre veke, og forholda i fjellet har vore gode. Lite snø og lite hardpakka snø frå vinteren har gitt god framdrift i arbeidet. Ifølge kontrollingeniør Dag Christian Ugseth har mannskapa kome seg heilt gjennom strekninga og er no i gang med sluttarbeidet.
– Vi har no brøyta gjennom og driv med finpussen. Det går i rydding av parkeringsplassar, oppsetting av skilt og småreparasjonar etter vinteren. Eksempelvis har det gått eit mindre ras og tatt om lag 50 meter med betongkant som vi må sikre før trafikken kan sleppast på, seier Ugseth.
Sjølv om framdrifta er god, er det framleis fleire forhold som må vere på plass før Trollstigen kan opnast for trafikk. Mellom anna må islaget på asfalten tinast bort, og det kan framleis vere is i enkelte utsette fjellsider.
Det er foreløpig ikkje sett dato for opning. Trollstigen blir opna så snart forholda gjer det forsvarleg.