Fleire hadde stilt seg tidleg i kø og var klare for å køyre den verdskjende vegen. Helga før vart prega av eit stort snøfall og mannskap hadde jobba godt med å gjere vegen klar.
“Det var arbeid inn til siste time, men det er normalt for oss”, seier kontrollingeniør Dag Christian Ugseth. Han er mannen bak fleire flotte videoar av snøryddearbeidet som fekk mykje oppmerksomhet i forkant av opninga og dokumenterte også når bommen gjekk opp.
Aldri før har vegen opna i april måned. Tidlegare rekord var 8. mai. Oversiktsbilda tatt under opninga viser også at det er tidleg med mykje snø langsmed vegen.
Det er viktig å merke seg at sjølv om vegen er open så er ein nøydd til å ha rett dekk og køyre etter forholda.