Trollstigen opnar 11. juli
Kristian Bjørdal
Arbeidet har vore krevjande, men nødvendig, etter at vegen vart stengt i fjor sommar grunna gjentatte steinsprang og stor skredfare.
– Det har vore ein utfordrande jobb i bratt og krevjande terreng, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Strakstiltak i Kjelstadlinja
Skredsikringsarbeidet har vore konsentrert i fjellsida kalla Kjelstadlinja, der det er gjennomført skredsikringstiltak mellom anna med støtte frå statlege midlar. Arbeidet starta med rehabilitering av avskjæringsgrøft over fjellsida, utført av Veidekke med lokale underentreprenørar.
I september i fjor inngjekk fylkeskommunen kontrakt med Risa AS, som har stått for fjellsikring via tau, utbetring av sikringsnett og vasspyling frå helikopter. – Dei har jobba seg nedover fjellsida ved hjelp av fjellsikrarar i klatretau, fortel Langlo.
No er arbeidet til Risa avslutta, og Veidekke er tilbake for å gjennomføre opprydding og reparasjonsarbeid før vegen kan opnast for trafikk.
Vegen opnar – men fleire tiltak må gjerast
Dei planlagde strakstiltaka er no gjennomført, og det pågår klargjering av vegbana. Det vil framleis vere risiko for steinsprang.
– Strakstiltaka reduserer risikoen i det mest utsette partiet, men det er ikkje ei varig løysing, understrekar Langlo.
Det er etablert rutinar for stenging på kort varsel, og det vil bli gjennomført dagleg inspeksjonskøyring og trafikkdirigering i høgsesongen.
Jobbar med varig sikring
Parallelt med strakstiltaka har fylkeskommunen starta eit forprosjekt for varig sikring og utbetring av Trollstigen. Fylkestinget vedtok i 2025 å finansiere dette gjennom eit bompengeprosjekt, som no er under utgreiing.
Alle bompengeprosjekt må godkjennast av Stortinget. Medrekna lokalpolitisk behandling og proposisjon til Stortinget, er det venta at eit eventuelt bompengeprosjekt kan vere på plass tidlegast i 2027.
Ein million besøkande
Trollstigen er ein av dei mest besøkte turistvegane i landet, med om lag 1 million besøkande kvar sesong. Etter opninga 11. juli kan både norske og utanlandske turistar igjen oppleve dei spektakulære hårnålssvingane og det dramatiske fjellandskapet.