Trollstigen opnar måndag 27. april

Rekordtidleg sesongopning, men pass på at bilen har dekk etter forholda.

folk og bilar som står på ein veg ved ein bom - Klikk for stort bileteDet brukar å vere stor interesse for opninga av Trollstigen. Solgunn Langlo

Måndag 27. april klokka 12 opnar Fv. 63 Trollstigen for trafikk. Heile strekninga frå Valldal til Åndalsnes er klar for trafikk. 

- Vi har registrert alle opningar sidan 1992, aldri før har vi opna så tidleg, seier byggeleiar Roar Vikhagen.
Det er mange som går og venter på denne dagen kvart år og no får dei altså sjansen til å køyre den verdsberømte vegen allereie i april månad. 

Fortsatt vinter i fjella, ha på rett type dekk

- Sjølv om vi opnar vegen no så betyr det ikkje at det er sommar i fjella. Det er snø der oppe og folk må ha passe på å ha dekk etter forholda. 

Grunnen til at opninga skjer måndag er at det ventast snøfall i helga, den må ryddast vekk før vegen kan opnast for ordinær trafikk.