Lett motorsykkel er kjekt, men ikkje risikofritt
Morten Brakestad - Trygg trafikk
Alle elevane på skulen deltek når fagmiljø og samarbeidspartnarar inviterer til eit breitt og praktisk opplegg.
Alle er trafikantar, uansett framkomstmiddel
– Vi ønsker å arrangere denne trafikktryggingsdagen for å drive haldningsskapande arbeid og gjere elevane meir bevisste i trafikken. Dei reiser til og frå skolen kvar dag, så dette er viktig for oss, seier Tore Tangen, rektor ved Herøy vidaregåande skole.
Mange av elevane har begynt å køyre moped eller lett motorsykkel, og nokre køyrer bil. Samstundes understrekar rektoren at alle er trafikantar, anten som førar, passasjer, syklist eller fotgjengar. Målet med dagen er å gi elevane større bevisstheit om ansvaret dei har, og vala dei tek i trafikken.
Må leie kulturhuset for å få plass til alle
For å få plass til alle elevane er Herøy kulturhus leigd inn til ei felles opning. Der blir det opningsprogram med bidrag frå fleire av aktørane som deltek, mellom anna ordføraren i Herøy kommune.
Etter fellesopninga skal elevane gå mellom ulike postar og aktivitetar gjennom dagen. Opplegget skal gi både kunnskap, refleksjon og praktisk innsikt i trafikksikring, førstehjelp og ansvar i trafikken.
Fylkeskommunen med ekstra fokus på MC-ulukker
Henny Totlandsdal, rådgivar ved plan- og trafikkseksjonen i fylkeskommunen, seier at ungdom på lett motorsykkel har vore ei viktig målgruppe i trafikktryggingsarbeidet.
– Det er dessverre slik at mange av dei alvorlege ulykkene på fylkesvegane har involvert unge førarar på lett motorsykkel. Difor har vi over tid hatt ekstra merksemd på denne gruppa. Trafikktryggingsdagen i Herøy er eitt av fleire tiltak, og i fjor arrangerte vi ein liknande dag i Ørsta. Vi har også gjennomført eit digitalt foreldremøte for føresette i heile fylket. Alle må vere bevisste på korleis dei ferdast i trafikken.
Desse deltek
Med på laget er mellom anna Møre og Romsdal fylkeskommune, Norsk Motorcykkel Union, politiet, Statens vegvesen, NAF, brann og redning i Herøy kommune, helsesjukepleiarar, utstyrsleverandørar og Amcar-klubben.