Kontrollingeniør Sondre Ulleland og byggeleiar Knut Roald Ugelstad ved den nye gangbrua.
Else Britt Ervik
Prosjektet har vore etterspurt i Averøy kommune, og skal gi betre tilhøve for mjuke trafikantar langs den trafikkerte strekninga. Bådalen ligg tett ved Atlanterhavsvegen og får mykje gjennomgangstrafikk, spesielt på sommartid. Den nye gang- og sykkelvegen blir 1.100 meter lang og får tre meters breidde fram til Bodalen friskule. I tillegg blir det utbetring av busslommer og kryss langs vegen.
Sikrar stabil gangveg
Grunnforholda har vore utfordrande enkelte stader, og på ei strekning blir det no etablert motfylling for å sikre stabil og trygg bygging av gangvegen ved sida av fylkesvegen.
– Vi starta bygging i mai i år, og enkelte delar nærmar seg ferdigstilling. At vi snart kan tilby trygg ferdsel for mjuke trafikantar i Bådalen er viktig, og veldig bra, seier Knut Roald Ugelstad, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Sjølv om delar av strekninga nærmar seg ferdigstilling blir det ikkje opna for ferdsel. Aurstad tunnel AS er entreprenør på prosjektet, som etter planen skal vere heilt ferdig seinhausten 2026.
Støyping av bru var tidlegare denne månaden
Sondre Ulleland
Området med motfylling er også snart ferdigstilt.
Sondre Ulleland