Uforsvarleg å opne Trollstigen utan tiltak i fjellet – stengd ut året

Trollstigen vil vere stengd resten av året. Innan det er gjort tilstrekkelege sikringstiltak i fjellet, er risikoen for at nokon kan bli treft av stein for stor.

Oversiktsbilete over Trollstigen - Klikk for stort bileteTrollstigen. Møre og Romsdal fylkeskommune

Det er berre sjølve Trollstigen som vil vere stengd, Trollstigplatået vil vere tilgjengeleg frå Valldal-sida. Trollstigen er stengd for køyretøy, syklistar og gåande.

Etter den alvorlege hendinga i Trollstigen 17. juni har både Møre og Romsdal fylkeskommune som vegeigar og entreprenør Veidekke AS gått gjennom sine risikoanalysar, og vurdert ytterlegare tiltak. Konklusjonen er at risikoen for å bli treft av stein er for stor til at vegen kan bli halden open før det er gjort tilstrekkelege tiltak i fjellet.

– Dette er ein krevjande situasjon, med mange omsyn å ta. Vi har stor forståing for at ei rekke næringsaktørar vil få store utfordringar, og er fullt klar over konsekvensane dette gir. Men som vegeigar er det vårt ansvar og mandat å ivareta trafikktryggleiken i Trollstigen. Situasjon knytt til steinnedfall har vorte meir uføreseieleg, og det har vore fem tilfelle dei siste to åra der køyretøy har vorte treft av stein. Det er berre marginar som gjer at det ikkje har gått skikkeleg gale. Vi kan ikkje vere i ein situasjon der vi går og ventar på ei dødsulykke, seier fylkesvegsjef i Møre og Romsdal fylkeskommune, Ole Jan Tønnesen.

– Må opp i fjellet

Både utviklinga i fjellet og auka trafikk bidreg til at risikoen for at stein treff trafikantar har vorte større. Dette gjeld i hovudsak den mest utsette Kjelstadlinja.

– Vi er no over grensa for kva som er akseptabel risiko. Både fylkeskommunen og vår entreprenør meiner det per no ikkje er trygt nok å arbeide eller ferdast i Trollstigen. Vi har brukt opp verktøykassa når det gjeld trafikkstyring, skilting og liknande. Einaste løysinga som står igjen, på kort sikt, er at vi må opp i fjellet. Vi ser no på kva vi kan gjere av strakstiltak for å auke tryggleiken, samstundes som vi jobbar vidare med langsiktige tiltak som planlagd, gjennom forprosjektet for rassikring i Trollstigen. Men alle tiltak avhenger av finansiering, seier Tønnesen.

Krevjande å sikre godt nok

Etter opninga av vegen 7. juni har det vore daglege nedfall av stein i området. Eitt av desse tilfella trefte arbeidsbilen til entreprenøren. Kjelstadlinja er om lag like stor som 18 fotballbanar, og det vil vere eit krevjande arbeid å sikre godt nok.

- Vi har vurdert ei rekke tiltak for å sikre vegen på kort sikt, men vi kjem ikkje unna at det mest effektive og realistiske alternativet er at vi må opp i fjellet for å reinske. Dette vil òg gi oversikt over omfanget av det vidare fjellsikringsarbeidet. Vi må starte med dei felta i Kjelstadlinja som reduserer risikoen mest. Om vi får finansiert strakstiltak er målet å få til ei opning neste år, seier Tønnesen.

I tillegg til kontrollreinsk av dei mest utsette områda, kan det vere aktuelt å tette ei avleiingsgrøft øvst i Kjelstadlinja. Denne leier vatn vekk. Denne har i nokre år hatt lekkasje som bidreg til isdanning i den bratte fjellsida. Det er òg behov for å fjerne stein i eit isnett som er montert i fjellet.

Open veg frå Valldal-sida til Trollstigplatået 

Det er sjølve Trollstigen som per no er vurdert til ikkje å vere forsvarleg å halde open denne sesongen. Vegen frå Valldal til Trollstigplatået er open.

Fylkesordførar Anders Riise oppmodar folk til å besøke Trollstigen-platået, sjølv om Trollstigen er stengd. Han håpar no at Staten kan bidra med midlar:

– For meg som fylkesordførar er det veldig beklageleg at vi må stenge Trollstigen, men fylkeskommunen som vegeigar har dessverre ikkje økonomiske musklar til å finansiere rassikring aleine. Skal vi få ein trygg vegtrasé på turistvegen Trollstigen, må vi få statlege midlar, seier Riise.