Fylkesfestival UKM Møre og Romsdal. Bildet er frå 2023, då festivalen gikk føre seg i Fosnavåg, Herøy.
Martin Giskegjerde
Fylkesfestivalen går føre seg frå torsdag 10. oktober til laurdag 12. oktober.
– Fylkesfestivalen er ein fantastisk arena for ungdom å vise fram det dei likar og er opptatte av, og vi gler oss til tre dagar fylt til randen med skaparglede og kreativitet, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.
På årets fylkesfestival skal ungdom få lære av ungdom! Mange av ungdommane som er påmelde årets fylkesfestival i UKM, er påmelde som unge arrangørar og vil ha roller som scenearbeidarar, artistvertar og ikkje minst lyd- og lydteknikarar.
Ungdomsmentorar
Lyd&Lys Valderøya frå Giske kommune stiller med seks ungdomsmentorar på 14 og 15 år som har god erfaring med lyd og lys, trass sin unge alder. Dei skal leie ein verkstad der ungdommane kan få lære seg alt det viktigaste for å jobbe med lys og lyd. Ungdommane skal få trening i å styre lys og lyd i praksis, samtidig som band får verkstad av kulturskolerektor i Aure, Ronny Nilsen.
Viser fram lokalsamfunnet
Fylkesfestivalen i Møre og Romsdal blir arrangert nye stader kvart år og vil vise fram lokalsamfunnet gjennom lokale heltar i opningsforestilling og som arrangør av ulike verkstader. Ungdommane skal få prøve seg på skyting i hallen med Aure skytesenter, ha dans med aurgjelding Astrid Marie Lillehagen og bruke lokal laks til å lage sushi med tidlegare kokk på Britannia, Odd Ivar Hammer. I tillegg blir det teatersport med Tre Ting Impro og kunst med Hanne Ulla. Magnhild Vassvik Rovik er mentor for konferansierar og Hassan Al-Aazari er mentor for ungdom som er påmelde media.
Samarbeider om UKM
Møre og Romsdal fylkeskommune står som eigar av festivalen, og både Aure og Smøla kommunar er medarrangørar. I Møre og Romsdal set ein fokus på UKM som sosial og kulturell møteplass, der ungdom kan utforske sine interesser og bli inspirert i møte med andre ungdommar.
– Aure og Smøla kommunar samarbeider veldig godt om UKM til det beste for sine ungdommar, og vi gler oss til at vi saman skal skape ein kreativ møteplass for ungdommar frå heile fylket, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.
Tre tettpakka dagar
Fylkesfestivalen varer i tre tettpakka dagar der det også blir mykje tid til sosiale aktivitetar. Ungdommanes fylkesarrangørar i UKM (UFA) er ansvarleg for speedfriending, bli-kjent-leikar, konkurransen GooseChase og fest for ungdommane på UKM fredag kveld.
Framsyningane er gratis for publikum,og streaming blir lagt ut på nettsidene til UKM Møre og Romsdal.
- Opningsframsyning, torsdag 10. oktober klokka 18:30
- Framsyning 2, fredag 11. oktober klokka 13:00
- Framsyning 3, fredag 11. oktober klokka 19:00
- Framsyning 4, laurdag 12. oktober klokka 12:00