UKM Fylkesfestivalen 2024 blir i Aure Arena!

No er det offisielt, Aure og Smøla kommunar samarbeider om å vere vertskommune for UKM fylkesfestivalen 2024!

Bildet viser ei sal full av ungdom og ei scene med folk som  held på med ei framsyning. - Klikk for stort bileteKlar for eit inntog av ungdomar og kulturuttrykk, Aure og Smøla? i oktober 2024 blir dei vertskap for UKM fylkesfestivalen. Martin Giskegjerde

Dette skjer på tampen av haustferien, 10. til 12. oktober. Sjølve festivalområdet blir i Aure Arena og Aure barne- og ungdomsskole. 

-I fjor vart fylkesfestivalen arrangert i den sørlegaste delen av fylket, i Herøy og Sande kommunar, til stor suksess for både vertsskap og publikum. No er vi så heldige at to kommunar går saman med fylkeskommunen igjen om arrangementet, denne gongen på Nordmøre, og vi gler oss til samarbeidet og den komande hausten, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen. 

Nordmøringane synest det er flott at UKM fylkesfestivalen blir lagt til dei aktuelle vertskommunane. 

-Det er stas at ungdommar frå heile fylket kan kome til oss for å oppleve vår kultur. Det gir stoltheit for ungdommane våre frå Smøla og Aure, seier Ann Helen Stamnsve, avdelingsleiar i kulturskulen i Smøla kommune. 

-Det betyr mykje for våre eigne ungdommar at vi får vise fram kva vi har av kultur her på Nordmøre. Vi har også eit anlegg som vi er utruleg stolte over, seier Trine Ulfsnes, kulturkonsulent i Aure kommune, som refererer til Aure Arena. 

Målet til nordmøringane er at det skal bli synleg for Aure sentrum at UKM fylkesfestivalen er på besøk. Kanskje det til og med blir ein konsert på scenen på torget? 

Godt samarbeid

Aure og Smøla kommunar har arrangert ulike UKM-verkstadar og framsyningar saman tidlegare, og for Aure kommune var ikkje det vanskeleg å gå inn for det komande samarbeidet. 

-Vi tenker at dette samarbeidet kjem til å gå kjempebra. Smøla kommune har vi jobba mykje saman med, og ein skal leite lenge etter like engasjerte folk, seier Trine Ulfsnes, kulturkonsulent i Aure kommune. 

Fylkesfestivalen er kremen av Ung Kultur Møtest (UKM), og det er stort fokus på tryggleik og det sosiale, og mindre fokus på konkurranse. 

-Her skal det vere trygt å uttrykke seg, og UKM både lokalt og regionalt er ein meistringsarena der ungdom får utvikle seg i uttrykket sitt, seier prosjektleiar for UKM fylkesfestivalen, Trine Oftedal.