UKM fylkesfestivalen 2025 blir i Hareid kommune

No er det offisielt, Hareid kommune er vertskommune for UKM fylkesfestivalen 2025.

Ungdomar. - Klikk for stort bileteI år er det Hareid som skal vere vertskommune for UKM. Hassan Al-Aazari, Golden Productions

Dette skjer i starten på haustferien, 4. til 6. oktober. Festivalområdet blir lagt til sentrum av kommunen, og målet er det skal vere synleg i heile kommunen at UKM går føre seg i heile Hareid. 

– I år er det friluftslivets år, og fylkesfestivalen skal markere dette i løpet av dagane i oktober. Hareid kommune har blant anna flotte turstiar som ungdomane vil få glede av. Vi ser fram mot eit godt samarbeid om eit av fylkets største kulturarrangement for ungdom, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Teltcamp er tilbake

Mange telt. - Klikk for stort bileteI år blir det teltcamp – innandørs. Martin Giskegjerde

Etter eit år med vanleg sovesal på klasserom har ungdomane gitt tilbakemelding – vi må få tilbake teltcamp! Det er derfor med stor glede å fortelje at under fylkesfestivalen 2025 er det igjen lagt opp til teltcamp. Sjølvsagt innandørs, utan fare for regn! Vi legg opp til å huse rundt 250 ungdomar desse dagane i oktober. 

– Stor stas

Dei tilsette i Hareid kommune synest det er stor stas at UKM fylkesfestivalen blir lagt nettopp til Hareid. 

– Vi gler oss veldig til dette, og er både stolte og glade for at dette flotte arrangementet blir lagt til Hareid. Vi håper og trur at heile kommunen vil få glede av det. Frivillige organisasjonar, innbyggarane og næringslivet, og ikkje minst ungdomane våre som får ei fantastisk moglegheit til å vere med som deltakar eller som publikum. Dette blir kjekt!, seier kulturleiar Melinda Skeide. 

Ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe legg til:

– Vi har dei siste åra satsa på ungdomsarbeid og blant anna arrangert UKM-lokalfestival i august. Det skal vi gjere i år også, og det er ekstra stas i år når vi kan sende nokre av deltakarane vidare til UKM-fylkesfestival her på Hareid.

Trygt å uttrykke seg

Fylkesfestivalen er kremen av Ung Kultur Møtest (UKM), og det er stort fokus på tryggleik og det sosiale, og mindre fokus på konkurranse. 

– Her skal det vere trygt å uttrykke seg, og UKM både lokalt og regionalt er ein meistringsarena der ungdom får utvikle seg i uttrykket sitt, seier prosjektleiar for UKM fylkesfestivalen, Ronja Voldsund i Møre og Romsdal fylkeskommune.