UKM fylkesfestivalen 2026 blir i Kristiansund

No er det offisielt, Kristiansund kommune er vertskommune for UKM fylkesfestivalen 2026!

I starten av haustferien, nærare bestemt 5.–7. oktober, kjem ungdom frå heile fylket til Kristiansund. Årets UKM fylkesfestival i Møre og Romsdal skal skje midt i Kristiansund sentrum, og festivalområdet blir sjølvsagt lagt til Normoria – møtepunktet for folk og kultur!

Meistringsarena for ungdommen

– På årets UKM fylkesfestival får ungdomane oppleve det aller nyaste innan lyd, lys og scene, og vi gler oss til at ungdomane kan innta heile Normoria. Vi trur ungdomen er like spente på det nye kulturhuset i Kristiansund, som oss vaksne, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Sjølv om Normoria har vore ope for publikum sidan oktober 2025 er det første gong lokala er booka til eit arrangement av, med og for ungdom.

– UKM er ein meistringsarena der ungdom får utvikle seg i kunstuttrykket sitt, og det er viktig at vi også gir dei tilgangen på flotte nye kulturarenaer, seier Wedlog Olsen.

I haustferien inntek UKM Normoria, det nye kulturhuset i Kristiansund. Ungdom frå heile fylket kjem til kommunen som i 2025 vart kåra til Noregs kulturkommune. Adrians Purins

Norges kulturkommune

I 2025 vart Kristiansund kommune kåra til «Norges kulturkommune». Vinnaren av prisen får status som landets kulturkommune i to år, som ei rein anerkjenning av kommunar som jobbar godt med heile breidda av kulturlivets utfordringar og moglegheiter.

– Det er utruleg stas at UKM fylkesfestivalen i Møre og Romsdal blir lagt til Kristiansund. Som Norges kulturkommune er det heilt i kjernen av oppdraget vårt å løfte fram unge stemmer og gi dei ei scene og ein fysisk møteplass. Vi gler oss til å fylle byen med skaparglede, talent og energi, seier Toril Skram, kultursjef i Kristiansund kommune.

Det viktigaste med UKM er fellesskapet. Fylkesfestivalen er ei trygg ramme for ungdommane å vise fram det dei brenn for. Adrians Purins

Ungdomskultur i sentrum

For fylkeskommunen er det stor stas at Kristiansund kommune ønsker å samarbeide om eit av dei største rusfrie arrangementa for ungdom i fylket.

– At Kristiansund kommune tek på seg vertskapsrolla med opne armar og stort engasjement er vi svært glade for. UKM er den arenaen der ungdom får vise fram det dei brenn for – enten det er musikk, dans, kunst, film eller noko heilt anna. Ungdomane som tek del på UKM gjer Møre og Romsdal rikare, modigare og meir mangfaldig – dette må vi legge til rette for!, avsluttar Wedlog Olsen.

UKM er ein arena kor ungdom får vise fram det dei brenn for – enten det er musikk, dans, kunst, film eller noko heilt anna. Adrians Purins

 

 

  • Fakta om UKM

    UKM (Ung Kultur Møtest) er ein landsdekkande kulturfestival og sosial møtestad for ungdom mellom 13 og 20 år, og går føre seg både lokalt i kommunane, regionalt og nasjonalt. Her får ungdom profesjonelle rammer, eit sterkt fellesskap og moglegheita til å utøve reelle roller som utøvar og arrangør. I Møre og Romsdal er det mykje tradisjonelt kulturinnhald som framsyning på scene og verkstadar der ein lærer noko nytt, men UKM kan også vere eit treff der ungdom berre heng saman og ser film eller spelar brettspel.