20 ungdomar frå både Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre er i Bodø frå fredag 21. juni til tysdag 25. juni for å vise fram ungdomskulturen i Møre og Romsdal. Dette er resultatet av UKM fylkesfestivalen i 2023, som vart arrangert i Herøy og Sande kommunar. Deltakarane har representert fylket med biletkunst, varierte innslag på scene, konferansier, media og unge arrangørar.
Saman med ungdom frå heile landet har ungdomane frå Møre og Romsdal tatt del i ein fem dagar lang festival, sankthansfeiring, og sjølvsagt midnattssol!
Vi ser fram til meir UKM til hausten. UKM fylkesfestivalen 2024 arrangerast i Aure, eit samarbeid mellom fylkeskommune og Aure og Smøla kommunar.
Les meir om UKM-festivalen 2024.