UKM-sjefen skrytte av fylket: – Mange ser til Møre og Romsdal

Godt samarbeid mellom fylke og kommunar legg til rette for at ungdommen får uttrykke seg. Men det krev fortsett godt arbeid og er ikkje noko ein kan sleppe tak i, meinte politikarane.  

Bilde av to smilande kvinner framfor ein TV-skjerm der det står "Fylkeskommunal suksess i 40 år"  - Klikk for stort bileteFrå venstre: Daglig leiar i UKM Yrja Flem og utvalsleiar Jessica Gärtner Jan Ragnvald Eide

Kultur- og folkehelseutvalet hadde denne veka besøk av Yrja Flem. Ho er dagleg leiar for UKM Norge – Ung Kultur Møtes (tidlegare kjent som Ungdomens kulturmønstring). Ho orienterte om ordninga som fyller 40 år i år og kalla den ein stor fylkeskommunal suksess.

Godt UKM-samarbeid i Møre og Romsdal

UKM-arbeidet i Møre og Romsdal har lenge vore prega av ein heilskapleg tanke som legg til rette for ungdommens moglegheiter. Ifølgje UKM-leiar Yrja Flem er dette eit resultat av eit solid samarbeid mellom fylket og kommunane.
– Den heilskaplege tankegangen som har vore i Møre og Romsdal sidan Rolf Magnus Orø sat i det første UKM-styret, har vore unik. Vi ber framleis fruktene av dette arbeidet, seier Flem.

Ho peikar spesielt på samarbeidsavtalen «Ung kunst og kultur», som har vore vesentleg for utviklinga av UKM i fylket.
– Avtalen handlar om å inspirere og forplikte til å utløyse potensialet som ligg lokalt. Møre og Romsdal har tett kontakt med kommunane, noko som er heilt avgjerande, seier ho.

Samarbeidsmodell som mange ser på 

Modellen i Møre og Romsdal har vekt merksemd utanfor fylket, og fleire andre fylke ser til denne måten å arbeide på.
– Administrasjonen i fylket tek godt vare på kommunane sine og tek oppgåva si på alvor. Møre og Romsdal fungerer som eit bindeledd, og tenker heilskapleg – på same måte som UKM Norge, seier Flem.

Ho understrekar at det har vore politisk einigheit om ungdomsarbeid i lang tid.
– Eg er imponert over kunnskapen til politikarane eg har møtt. Dei tek dette på alvor. Allereie i 1985 var det brei einigheit om at ungdommen er viktig. Det handlar om å gi dei best mogleg grunnlag for å bli trygge, gode vaksne, seier ho.

Fjord og fjell sørger for at ungdom blir kjent

Bilde av eit grupperom med poltikarar som sitt ved bord i ein hesteskoformasjon - Klikk for stort bileteFrå møtet i Kultur- og folkehelseutvalet, 11. mars 2025 Jan Ragnvald Eide

Slik geografien er i fylket vårt så passar det dårleg med dagsamlingar slik ein til dømes gjer mange stader på Austlandet. Dette har ført til at ein i Møre og Romsdal i langt større grad har hatt treff som har gått over heile helgar. Slett ikkje dumt, meinte Hege Gagnat (Ap). 
— Det at ein er i lag ei heil helg gir ein god dynamikk og skapar relasjonar mellom ungdommane. 

Bekymra for dei kommunale mønstringane

Frank Stenløs frå Venstre har vore med rundt UKM i mange år. Han uttrykte bekymring for dei kommunale mønstringane. 
— På Fylkes- og landsnivå har UKM kvaliteten, merksemda og engasjementet det skal ha, men eg synes dei kommunale mønstringane er nedprioriterte. Det blir mindre deltaking og ein får ikkje vist fram bredda som finnes i kulturen. Vi som fylke må jobbe tett med kommunane for å få opp statusen og engasjementet. 

–  Ein plass du får vere deg sjølv

– UKM er ikkje aleine om å gjere ein viktig jobb for ungdommen,  sa Yrja Flem. 
Likevel meiner ho at UKM er ein særskild viktig arena for ungdom.
– UKM er ein unik møteplass der du får vere deg sjølv, heilt autentisk. I samfunnet kan det kjennast som om ein alltid må vere «på», men vi må få lov til å vere menneske. Vi har eitt liv, og vi må gjere alt vi kan for å gjere ungdommen robust nok til å takle det, avsluttar Flem.

 

Kontaktperson:

Jessica Gärtner, leiar kultur- og folkehelseutvalet, telefon 99 87 53 74