Ei høyring av endringar i rutetabellane blir sendt ut til dei aktuelle kommunane og gjeld desse sambanda:
- Arasvika–Hennset
- Seivika–Tømmervåg
- Småge–Orta-Finnøya–Sandøya–Ona
- Stranda–Liabygda
MF Grip går i sambandet Seivika-Tømmervåg, eitt av sambanda der ny rutetabell no er sendt ut på høyring.
Erik Birkeland
Bakgrunnen for høyringa er at Sjøfartsdirektoratet har innskjerpa dispensasjonspraksisen for reglane for kviletid. Dermed kan ikkje rutetabellane i enkelte samband i Møre og Romsdal gjennomførast med dagens skiftordningar for ferjemannskapa.
Endring av skiftordning vil i mange tilfelle innebere store endringar i arbeidstid og reisetid for ferjemannskapa, og kan få til dels store økonomiske konsekvensar for reiarlaga som opererer sambanda. Sidan det allereie i dag er utfordringar med bemanning og rekruttering til ferjesamband i distrikta, fryktar dei at dette vil bli ytterlegare forsterka ved å innføre nye skiftordningar.
Vil krevje endring
Seksjonsleiar for drift i FRAM, Hilde J. Svendsen, fortel at den innskjerpa dispensasjonspraksisen fører til utfordringar på fleire plan.
– Endringa av rutetabellane for enkelte samband er eitt av løysingsforslaga, men desse endringane vil bli vurdert av FRAM først etter at kommunane har blitt høyrt, seier ho.
Svendsen uttrykker også at FRAM har stor forståing for at ei eventuell endring av rutetabellane får konsekvensar for både innbyggarar og næringsliv.
– Det er derfor viktig at vi får konkrete innspel på dei nye rutetabellane som er sendt på høyring, seier ho.
Seksjonsleiaren fortel at det også blir arbeidd med desse utfordringane hos reiarlaga:
– Parallelt med FRAM sitt arbeid med rutetabellane, er også reiarlaga i gang med ein prosess for å vurdere endringar i skiftordningar og kva som må til for å løyse utfordringane med bemanning og rekruttering til ferjesambanda.