Ungdomspanelet fordeler støtte til ungdomsaktivitetar.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kvar haust og vår kan ungdom i fylket søke om støtte til ulike prosjekt rundt om i fylke. Søknadsfristen i denne omgangen er 1. desember.
Ungdomspanelet fordeler deretter potten på 125.000 til gode prosjekt.
- Med ungdomsmidlane vil vi gi økonomisk støtte til ungdom som ønsker å skape aktivitetar og bygge fellesskap der dei bur, seier Magnus Smørdal, leiar av Ungdomspanelet.
Kva kan du søke støtte til?
For å få støtte, må du sende ein søknad frå fylkeskommunen si nettside, beskrive kva du søker om og fortelje kva det vil koste. Det kan søkast om støtte til utstyr eller til arrangement. Både ungdommar og dei som jobbar med ungdommar kan sende søknad.
I sist runde, i april, delte ungdomspanelet ut pengar til blant anna volleyballturnering og grilling, kino på 17. mai, gamingrom, shuffleboard, utstyr til podcast og ungdomsklubb, og regional samling.
- Vi veit at det er mange som har gode idéar til aktivitetar eller prosjekt, så bruk sjansen til å søke. Vi ønsker å støtte prosjekt som skaper engasjement, samlar ungdom, og skaper fellesskap, seier Smørdal.
Prosjekta som får støtte skal samle ungdom, gi positiv effekt over tid, og skal vere ope for fleire.
Kva gjer ungdomspanelet?
Det er ungdomspanelet, Møre og Romsdal sitt politiske organ for ungdom, som deler ut ungdomsmidlane, i april og desember, kvart år.
Ungdomspanelet har i tillegg desse oppgåvene:
- bidra til at ungdom i Møre og Romsdal får reell medverknad
- påverke politiske saker i fylkeskommunen
- auke samfunnsengasjementet til ungdom
- bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar
- vere eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom