Anders Krogset, Kenni Dogbey, Linda Mordal, Michael Bringslid, Ferdinand Breivik, Tomine Dahle, og Ylva Baldersheim i ungdomsråda i Romsdal ønsker velkomen til VIFRA, konferanse av og for ungdom. Og for vaksne!
Privat
Visjon for framtida eller VIFRA, blir arrangert den 16. oktober, i Molde. Det er dei fem ungdomsråda i Romsdal som står bak.
- Vi arrangerer denne konferansen fordi vi ønsker å styrke ungdomsmedverknaden i regionen, og skape ein møteplass der unge og beslutningstakarar kan møtast, seier Anders Krogset, frå Molde ungdomsråd.
Arrangementet er ope for ungdom frå 9. trinn til VG3, og for vaksne og beslutningstakarar som er interesserte i ungdomsengasjement.
Kjende fjes med engasjement
Programmet byr på panel- sofa-samtalar med kjende fjes, og inspirerande innslag frå blant andre TikTok-profilen Oliver Bergset og Iver Aarebrot, leiar i Fylkesungdomsrådet. Deltakarane får også høve til å dele sine hjartesaker.
- VIFRA skal vere ein møteplass for å finne betre løysingar for framtida, seier Krogset.
Arrangementet har blant anna fått støtte frå Ungdommens fylkesråd i Møre og Romsdal fylkeskommune, som kvart år deler ut midlar til ungdomsprosjekt for å stimulere til engasjement og aktivitetar.
Påmelding og meir informasjon finn du på websida til Det umulige huset.