Ungdom møter utdanning og næringsliv på Karrieredagane

I september og oktober blir det arrangert karrieredagar i heile fylket, der fleire tusen avgangselevar får bli betre kjent med næringslivet og utdanningstilbodet i regionen sin. I Molde opna Brunvoll produksjonshallen for ungdomane.

Ein gjeng elevar i kjeledress. - Klikk for stort bileteTusenvis av elevar får lære om yrke og utdanningstilbod på Karrieredagane. Denne gjengen fekk brynt seg på Brunvoll. Molde næringsforum

I Molde gjekk karrieredagen Romsdal av stabelen den 4. og 5. september, i og utanfor lokala til Brunvoll AS, der den ordinære produksjonen gjekk for fullt.

- Ungdommane klatra i stillas, køyrte ATV, prøvde seg på hjarte-lunge-redning, fekk teste VR-briller, båtsimulator, tautrekking, sliping og førstehjelp. Elevane fekk sjå og erfare kva yrke som finns i bedriftene, og kva arbeidsoppgåver som skjuler seg bak yrkestitlane, seier  Rose Mari Skarset, seksjonsleiar i   Møre og Romsdal fylkeskommune.

Viktig val

Karrieredagane er eit av fleire tiltak for å hjelpe 10. klassingane til å ta eit av dei viktigaste vala i livet; utdanningsretning og yrkesval. Elevane får møte bedrifter, opplæringskontor og skolar frå regionen på postar og stands.

Eit mål er å gi elevane eit realistisk og levande bilete av kva moglegheiter og karrierevegar som finst i fylket.

-Det gjer vi ved å vise dei mangfaldet som er i næringslivet både i privat og offentleg sektor, seier Skarset.

Ho meiner også at det er viktig å motivere elevane til å ta det rette valet av vidaregåande opplæring.

- Sjansane til å lukkast er best når elevane er motiverte og ser kva veg dei kan gå etter ungdomsskolen.

835 elevar møtte opp på den svære industribedrifta, der 21 bedrifter og opplæringskontor og Høgskulen i Molde hadde rigga seg til med stands og utstyr.

Indre, ytre, nordre, søre

Her blir det arrangert karrieredagar i fylket:

  • Romsdal, 4. og 5. september, Brunvoll
  • Indre Nordmøre, 10. september, idrettshallen ved Surnadal vgs
  • Ytre Nordmøre, 11. september, Kristiansund, Braatthallen
  • Søre Sunnmøre, 25. – 26. september, VCA, Volda Campus Sparebank 1 Arena
  • Nordre Sunnmøre, 2. oktober, Sparebanken Møre Arena

Spleiselag

Karrieredagane er eit samarbeid mellom arbeidsliv, kommunar og organisasjonar. I Molde var Brunvoll vertskap for arrangementet, Molde Næringsforum er arrangementsansvarleg og Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjekteigar.