Glimt frå Karrieredagane 2024. Foto: Molde næringsforum- På karrieredagane får ungdommane teste ulike yrke og arbeidssituasjonar. Det kan vere å klatre i stillas, køyrte ATV, prøve seg på hjarte-lunge-redning, teste VR-briller, båtsimulator, tautrekking, sliping og førstehjelp. Elevane får sjå og erfare kva yrke som finns i bedriftene, og kva arbeidsoppgåver som skjuler seg bak yrkestitlane, seier Rose Mari Skarset, seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Viktig val
Karrieredagane er eit av fleire tiltak for å hjelpe 10. klassingane til å ta eit av dei viktigaste vala i livet; utdanningsretning og yrkesval. Elevane får møte bedrifter, opplæringskontor og skolar frå regionen på postar og stands.
Eit mål er å gi elevane eit realistisk og levande bilete av kva moglegheiter og karrierevegar som finst i fylket.
-Det gjer vi ved å vise dei mangfaldet som er i næringslivet både i privat og offentleg sektor, seier Skarset.
Ho meiner også at det er viktig å motivere elevane til å ta det rette valet av vidaregåande opplæring.
- Sjansane til å lukkast er best når elevane er motiverte og ser kva veg dei kan gå etter ungdomsskolen.
Fem ulike lokasjonar i fylket
Her blir det arrangert karrieredagar i fylket:
- Indre Nordmøre, 9. september, idrettshallen ved Surnadal vgs
- Ytre Nordmøre, 10. september, Kristiansund, Braatthallen
- Romsdal, 11. september, Akerhallen i Molde
- Søre Sunnmøre, 24. september, VCA, Volda Campus Sparebank 1 Arena
- Nordre Sunnmøre, 1. oktober, Sparebanken Møre Arena, Ålesund