Nestleiar i ungdommens fylkesråd, Lisa Marie Nicolaisen Roald.
Per-Kristian Bratteng
Sandra Hjelvik i Ungdommens fylkesråd la fram innspela i fem punkt:
- At kollektivtilbodet særleg i distrikta blir styrka ,og at ordninga «trygt heim for ein 50-lapp» blir gjenoppretta
- At driftstilskotet til skolane aukar i neste budsjett
- At eksisterande rammer for ungdomsmedverknad blir bevart
- Å auke ungdomsmidlane frå noverande ramme på 50.000 kroner
- At den noverande støtta til kulturtilbod i både byane og distrikta blir auka
Nestleiar i ungdommens fylkesråd, Lisa Marie Nicolaisen Roald, var opptatt av den vidaregåande opplæringa og spurte fylkestinget:
– Det er på tide at de vaknar og tek ansvar for alle konsekvensane skolepolitikken dykkar medfører. Korleis kan de forsvare tilstanden i dagens skole? Korleis kan de forklare at de ikkje investerer i framtida? Invester i oss unge. Invester i framtida, sa Roald.
Leiar Iver Aarebrot la vekt på at fylkeskommunen må legge til rette for å halde på ungdom:
– Korleis skal de klare å halde på ungdom i Møre og Romsdal når kulturen forsvinn, bussen sluttar å gå og skulane er i økonomisk krise? Har de ein strategi for å få oss til å bli – og hente oss tilbake – når de ikkje prioriterer oss?
Utfordringane frå ungdommane førte til ein engasjert debatt blant fylkespolitikarane.