Ungdommens fylkesråd skal vere eit rådgivande organ for fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom, og dei kan sjølv ta opp saker dei ønsker fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen. Rådet har ni faste medlemmar.
Gjennom ungdommens fylkesråd skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.
Ungdommens fylkesråd blir valt blant delegatane på ungdommens fylkesting og det sittande rådet. Alle dei tre regionane skal vere representert, og det skal vere kjønnsbalanse jf. likestillingslova § 28. Det bør vere ei balansert samansetting frå by og land.