Ungdomspanelet er Årets regionbyggar 2023

Til ståande applaus vart Ungdomspanelet tildelt prisen Årets regionbyggar 2023.

Gruppe menneske som står på ei scene. - Klikk for stort bileteUngdomspanelet i Møre og Romsdal fekk prisen Årets regionbyggar 2023. Frå venstre fylkesvaraordførar Anne Marie Fiksdal, leiar av Ungdomspanelet Niels Adon Leenders, nestleiar Vilde Solbakken Kvalvik, Mads Ødegaard Harstad, Tuva Johanne Rypdal Hovden, Ida Fjerstad og Kasper Dalhaug. Per-Kristian Bratteng

Prisen vart delt ut fredag ved avslutninga av Nyttårskonferansen 2024.

– Ein motivasjon for oss og ein inspirasjon for andre, seier leiar Niels Adon Leenders i Ungdomspanelet like etter at dei fekk prisen. – Og så er det utruleg gøy og hyggeleg at det vi gjer blir sett pris på av andre.

– Dette er stort for oss og eg er veldig glad for at dei har vald å gje prisen til nokon som jobbar for ungdom, seier nestleiar i Ungdomspanelet, Vilde Solbakken Kvalvik.

I grunngjevinga frå juryen står det:

«Ungdomspanelet har dei siste åra tatt ei tydeleg rolle for å fremme saker som er viktig for ungdom. Gjennom sitt arbeid og deltaking på møtearenaer har dei inspirert andre ungdommar til å engasjere seg, noko som gir ringverknader for ungdomsmedverking i lokalsamfunna i heile Møre og Romsdal.

I det ungdomspolitiske programmet, Ung Stemme, har ungdom frå heile fylket fått uttale seg om kva saker som er viktigast for dei, og kva visjonar dei har for fylket framover. Ungdomspanelet har brukt Ung Stemme konsistent og satt ei tydeleg fotavtrykk.»

Årets regionbyggar går til ein person, organisasjon, bedrift eller offentleg aktør som har utmerka seg på ei enkeltsak eller over tid som ei samlande kraft i fylket, eller har tatt spesielt initiativ som bygger Møre og Romsdal saman.

Nyttårskonferansen 2024 vart arrangert torsdag og fredag denne veka.