Møtet er ein del av Ungdommens fylkesråd sin regionale møteturné i februar og mars. Medlemmar frå fylkesrådet leia samlinga.
Gjennom dagen fekk deltakarane både fagleg påfyll og høve til å møte andre ungdommar som jobbar med dei same oppgåvene i sine kommunar.
Fylkesordførar Anders Riise deltok og snakka om korleis ungdom kan orientere seg i det politiske landskapet og påverke lokalt – dessutan kvifor han engasjerte seg i politikk. I tillegg nytta han høvet til å fortelje om fylkeskommunen sine oppgåver og ansvar.
Elev- og lærlingombod Synne Strøm Astad, mobbeombod Kristin Øksenvåg og organisasjonen Vifra presenterte også sitt arbeid.
– Ei flott samling for å hente inspirasjon, lære og utveksle erfaringar, er oppsummeringa frå fylkesrådet.
Mot slutten av samlinga orienterte Ungdommens fylkesråd om det komande Ungdommens fylkesting, som blir arrangert i Molde 13.–15. mars.
Dei neste regionale møta blir:
- Nordstjerna, Nordmøre: 24. februar, Bakgarden Ungdomshus i Kristiansund
- Sjustjerna, søre sunnmøre: 3. mars, Herøy Kulturhus i Fosnavåg
- Nordre Sunnmøre: 5. mars, SMIA i Ålesund