Utforskar framtidas teknologi for å kartlegge fortida

Med blikket retta framover og tilgang på heilt ny teknologi, kartlegg arkeolog Kristoffer Dahle tusen år gamle tufter. Samstundes vert utforskinga av seterdrift i Møre og Romsdal til ein doktorgrad om eit par års tid.

Mann graver. - Klikk for stort bileteHer er det grave ut ei sjakt som viser spor av hustufter på Myrsetsetra. På innsida av bygningen er det eit ganske tjukt kollag, og truleg restar ei grue. På bildet: Arkeolog Kristoffer Dahle. Magnar Fjørtoft

- Vi har jo visst frå før at det har vore aktivitet her. Men det er ikkje så lett å finne bygningane når du berre stikk spaden i jorda. Vi må ha metodar og verktøy for å påvise bygningar som vi ikkje ser frå overflata, seier Dahle. Nettopp dette med bruk av teknologi er ein viktig del av utforskinga.

Teft og teknologi

Dei arkeologiske spora stekkjer seg heilt tilbake til tusentalet. Den siste staden som forskaren har kartlagt, er Myrsetsetra ved Åfarnes i Romsdal. Her, på nær fire hundre meters høgde i naturskjønt landskap, finn vi ei lita klynge med nyare hytter og tidlegare seterbygningar. Alt er vel samla på ein grøn, liten flekk. Og det er nettopp det grøne som avslører at det har vore drive jordbruk i mange hundre år tilbake i tid. Alt elles rundt setra, bortsett frå ein liten haug mot vest, er myrlandskap. Tydelege arkeologiske spor fortel det vart henta malm frå myra, og laga jarn i ein omfattande smelteprosess.

- Prosjektet mitt er å gjere dei spora etter dei eldste setrene meir synlege, anten med hjelp av tekniske dippeduttar som georadar, magnetometer, store droner og anna, og å grave i bakken, fortel arkeologen. Georadaren kartlegg bakken i eit par meters djupn, medan magnetometeret indikerer om det er urørt jord, eller om det har vore menneskeleg aktivitet i området der ein søker.

Truleg heilårsbusetnad

- I år undersøker vi tidlegare kjente stader for å sjå om vi faktisk finn spor etter hus under bakken, slik resultat frå georadaren og andre instrument kan tyde på. Vi tar ut prøver for å finne ut kor gamle husa er, kva slag dyr som har vore her, kva slag aktivitetar som fann stad inne i husa, kva slag vegetasjon som var her og om det har vore beitemark eller slåttemark. Vi undersøker også om det har vore åker her, noko vi ser i enkelte tilfelle, seier Kristoffer Dahle.

Akkurat på denne setervollen trur arkeologane at det har vore ein fast gardsbesetning fram til 1200-talet, kanskje heilt fram til svartedauden. - Her har vi funne spor etter dyrking av bygg, og vi har også ein del spor etter jarnframstilling, påpeikar Dahle.

Få gjenstandar funne

- Eg har vore på åtte ulike seteranlegg rundt omkring i heile fylket, der eg har gjort større undersøkingar. I mange av desse tilfella har det dukka opp både veggvollar, golv, golvheller, vi har funne eldstadar, stolpehol som viser at der har stått  bygningar her, og vi finn også litt gjenstandar. Veldig mykje av det som vart brukt på setrene var av tre, og det meste har rotna opp. Men vi finn eldflint som var brukt til å tenne på grua og det dukkar opp litt glas og keramikk innimellom, gjerne frå seinare tid. Vi finn også ein del små rustklumpar, ei eller anna form for naglar eller jarnbeslag. Men det er veldig få gjenstandar som er funne, sidan det meste på den tida var laga av trevirke, fortel arkeologen.

Litt overraskande seier han at mangel på funn gjer eigentleg ikkje så mykje. Det forskarane er mest ute etter, er kva jorda og jordsmonnet kan fortelje. Ein har etter kvart mange metodar for å finne svar, som DNA-analyser eller undersøking av lipidar, feittstoff, knytt til dyr og menneske. Ein ser også etter insekt i jordsmonnet, pollenspor og anna. Kjemien i jorda kan avsløre kva aktivitetar som fann her.

Utforskar ny teknologi

- Det å utvikle desse metodane og sjå potensialet i dei nye naturvitskaplege metodane som vi har, og som vi kanskje ikkje fullt ut har tatt i bruk enno, er jo litt av målet her, stadfestar Dahle.

For nokre år tilbake fekk han eit doktorgradsstipend gjennom NTNU, delvis finansiert av fylkeskommunen og forskningsrådet. Kristoffer Dahle har arbeidd i fylkeskommunen i snart femten år, med ansvar for mange kommunar i indre strok av fylket, der han har undersøk mange setre. Som stipendiat kan han dukke litt djupare i materialet, for å finne ut kva potensial desse setervollane har.

Interessante geografiske forskjellar

- Det er svært interessant å undersøke om det er geografiske forskjellar i seterbygginga på Nordmøre, i Romsdal og på Sunnmøre. No har eg vore i dei fleste kommunane i fylket, og neste steg vert å undersøke om det er ulik utvikling på til dømes dei bratte fjordstroka på indre Sunnmøre og skogsbygdene på indre Nordmøre. Er dette fenomen som kjem til same tid, eller er det forskjellig utvikling i ulike delar av fylket? Møre og Romsdal er eit spennande fylke, fordi vi har så variert topografi og variert kultur. Folk her har også orientert seg i ulike himmelretningar opp gjennom tidene, mot vestlandet i sør og Trøndelag i nord, og vi er også nært knytt til innlandet.

Ut over dette er det knytt stor spenning til korleis dei nye metodane for å undersøke og kartlegge bakken kan hjelpe arkeologane med betre treffsikkerheit i framtida.