Her kjem det ny gang- og sykkelveg.Det skal byggast ein ny gang- og sykkelveg mellom Bådalen og Vebenstad i Averøy kommune. Dette er vedteke i fylkestinget i Møre og Romsdal. Årsaka til utsett oppstart er at ein tilbydar har klaga saka inn til klagenemnda for offentlige anskaffelser (KOFA), då dei blei avvist i anbodskonkurransen.
Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, fortel at dei etter planen skulle ha vore i gang med bygginga no.
- Saka blei registrert hos KOFA rett før jul med beskjed om at gjennomsnittleg saksbehandlingstid for prioriterte klager er om lag 70 dagar. Prosjektoppstart blir derfor tilsvarande forseinka, seier ho.
Tilbydar blei avvist på grunnlag av manglande dokumentasjon på eit av kvalifikasjonskrava i anbodet, «relevant erfaring». Avvist tilbydar meiner dette var uriktig og ønsker derfor ei prøving av beslutninga i KOFA.
- Det er ein del av prosessen rundt eit anbod at ein tilbydar har rett til å klage, og det er ikkje uvanleg, opplyser Langlo.
- Det har ikkje noko å seie for prosjektet anna et at kontraktsignering blir utsett til KOFA har fatta ei avgjersle i saka.
Byggetida er om lag 1,5 år frå kontrakt med entreprenør er inngått.
Dette inneheld prosjektet
Det skal etablerast gang- og sykkelveg mellom Bae og Bodalen friskule i Averøy kommune. Strekninga er om lag 1 km lang. Inkludert i prosjektet er ei gangbru over Bådalselva, utbetring av busslommene og utbetring av kryss.