Uttale frå fylkestinget i Møre og Romsdal: Støtte til etablering av PCI-senter ved Ålesund sjukehus

Eit einstemmig fylkesting vedtok onsdag 10. desember ein uttale om støtte til etablering av PCI-senter ved Ålesund sjukehus. Uttalen blir sendt til Helse Midt-Norge RHF og til alle medier i Møre og Romsdal.

Her er uttalen i sin heilskap:

Fylkestinget i Møre og Romsdal meiner at alle innbyggjarar i fylket har rett til likeverdige og forsvarlege helsetenester, uavhengig av bustad og avstand til større byar. I dag er ikkje dette ein realitet for dei som blir råka av akutt hjarteinfarkt (STEMI).

Ved hjarteinfarkt er rask behandling heilt avgjerande. Hjartemuskelen døyr minutt for minutt så lenge blodstraumen står stille – «tid er hjartemuskel». Den mest effektive behandlinga er primær PCI (perkutan koronar intervensjon), der den tette blodåra i hjartet blir opna mekanisk med ballong og stent. Denne metoden gjev varig opne årer og reduserer risikoen for død, hjartesvikt og nye infarkt.

Europeiske retningsliner tilrår primær PCI dersom behandlinga kan utførast innan 120 minutt etter at diagnosen er stilt, helst innan ein time. For pasientar på Sunnmøre og i delar av Nordfjord er dette i praksis umogleg. I dag må dei fleste transporterast til St. Olavs hospital i Trondheim. Reisetida er ofte på fleire timar, og transporten er avhengig av helikopter. Vêr, tekniske forhold eller samtidige oppdrag fører til at opp mot ein fjerdedel av flygingane ikkje kan gjennomførast. Mange når difor ikkje fram i tide til livreddande behandling.

Alternativet, trombolyse (blodproppoppløysande medisin) er eit viktig tilbod, men har klare avgrensingar. Behandlinga verkar ikkje hjå om lag 30–40 prosent av pasientane, og aukar risikoen for alvorlege blødingar og hjerneslag. For pasientar som får trombolyse, opnar åra seg sjeldnare heilt, og risikoen for at ho tetter seg igjen kort tid etterpå er betydeleg høgare enn etter PCI. For mange er difor trombolyse anten utilstrekkeleg eller ueinsleg.

Møre og Romsdal har eit stort nok pasientgrunnlag til å drifte eit PCI-senter med høg fagleg kvalitet. I perioden 2012–2018 vart det utført i gjennomsnitt om lag 450 PCI-prosedyrar årleg på pasientar frå fylket, gjennomført ved sjukehus utanfor fylkesgrensa. Dette volumet er godt innanfor dei internasjonale faglege tilrådingane for eit mellomstort PCI-senter. Ålesund sjukehus har allereie eit sterkt kardiologisk fagmiljø, moderne infrastruktur, og er naturleg lokalisert i fylket.

Nordiske erfaringar viser at PCI-senter ved mellomstore sjukehus, som til dømes i Arendal, Bodø og Aalborg, har gitt eit meir likeverdige helsetenester. Desse sentera leverer behandling av høg kvalitet og er kostnadseffektive, samstundes som dei avlastar universitetssjukehusa og styrkjer rekrutteringa av spesialistar lokalt.

For personar i Møre og Romsdal, er tilgangen til rask og trygg akuttbehandling ein del av retten til å leve eit trygt og verdig liv. Dagens ordning skaper utryggleik og ulikskap. Kvar ekstra time på vegen til behandling aukar risikoen for varig skade, rehabiliteringsbehov og funksjonstap, og for somme også risikoen for å ikkje overleve.

Fylkestinget meiner difor at etablering av eit PCI-senter ved Ålesund sjukehus er både eit medisinsk og eit moralsk ansvar. Det handlar om pasienttryggleik, likeverd og retten til den beste behandlinga, også for dei som bur langt frå eit universitetssjukehus.