Uttale frå Møre og Romsdal fylkeskommune: Skuffa over vraking av Stad skipstunnel

Fylkestinget har i dag vedtatt denne uttalen. Uttalen er sendt til Stortinget:

Møre og Romsdal fylkeskommune uttrykker sterk skuffelse over at Stad skipstunnel ikkje lenger er med i planar for utvikling av nasjonal transportinfrastruktur. Stad skipstunnel er eit viktig prosjekt for tryggleik, beredskap og effektiv sjøtransport langs kysten, og har stor støtte både lokalt og regionalt.

Fylkeskommunen vurderer Stad skipstunnel som eit strategisk viktig tiltak for å styrke sjøtransporten og redusere risikoen for ulykker ved Stadhavet - eit av dei mest vêrharde områda langs norskekysten. Fylkeskommunen har tidlegare støtta opp om prosjektet i både Vestlandsråd og gitt prosjektstøtte. Stad skipstunnel var også prioritert på topp av fylkestinget i høyring av Nasjonal transportplan 2025-2036 for prosjekt som skal bidra til overføring av gods frå veg til sjø og bane (T 52/23).

Dersom regjeringa vel å vrake Stad skipstunnel, vil vi minne om at Møre og Romsdal fylke utgjer om lag 5% av folketalet i Noreg, står for om lag 11% av fastlandseksporten men fekk berre 0.6% av midlane som var føreslått i NTP for 2025-2036. Tek ein vekk også dette prosjektet står ein tilnærma ribba for utvikling av infrastruktur i denne landsdelen. Det burde bekymre fleire enn berre næringsliv- og innbyggjarar i Møre og Romsdal. 

Regjeringa legg seg på ein unormal praksis ved å avslutte arbeidet no. Ein bør fullføre forhandlingane med tilbydarane og sjå på kostnadsreduserande tiltak slik at ein får den endelege prisen. Det er og verdt å merke seg at i motsetnad til jernbaneprosjekt må Stad skipstunnel betale mva til staten på 25%. Så den reelle kostnaden på prosjektet vil kome på under 7 mrd. kroner.

Ein vil og vise til det omfattande arbeidet som er gjort på plansida i kommunane Stad, Vanylven og Kinn, der ein har funne gode ordningar for bruk av tunnelmassar som vil skape nye næringar og aktivitet. 

Fylkestinget ber om at regjeringa vurderer skrinlegginga av prosjektet på nytt, og ein ber om at det vert sett i gang vidare forhandlingane med tilbydarane for å sjå om det er mogeleg å redusere kostnadane og kome fram til ein endeleg pris som Stortinget kan ta stilling til.