Rasering av rehabiliteringstilbodet i Møre og Romsdal
Helse og Omsorgsdepartementet har gitt signal til Helseforetaka om å kutte i spesialiserte rehabiliteringstenester frå private aktørar, også ideelle. For Muritunet og pasientane i Møre og Romsdal vil dette få svært uheldige konsekvensar.
Muritunet AS er en ideell institusjon som er eigd av Møre og Romsdal Fylkeskommune, Fjord kommune, nærliggende kommuner, Nasjonalforeningen for folkehelse, privatpersoner og andre organisasjonar som ikke tek ut forteneste. Overskot går til å videreutvikle verksemda vidare.
Møre og Romsdal har i dag kun ein ideell institusjon med 50 døgnplassar, medan det i Trøndelag er tilbod om 189,5 døgnplassar fordelt på 6 institusjonar.
Møre og Romsdal er eit langstrakt fylke med fjordar og fjell med demografiske utfordringar. Vi godtek ikkje at vår siste idelle rehabiliteringsinstitusjon blir lagt ned.
Helse Midt har signalisert at dei vil redusere døgntilbodet ved slike institusjonar med 75 % fra 1.juli 2025. Det betyr ca 50 % reduserte inntekter for Muritunet og i praksis nedlegging.
Dersom Muritunet blir avvikla, betyr det at eit tusental pasientar frå nord til sør i Møre og Romsdal mistar eit nødvendig behandlingstilbod, at nesten hundre menneske i ei næringssvak kommune blir oppsagde og at spesialisert kompetanse vert sentralisert.
Helse Midt argumenterer med at det er godt samarbeid med kommunane for å få til en smidig overgang til langvarig oppfølging der det er behov for det. Kommunane har ikkje kapasitet eller økonomi til å ta over spesialisert rehabilitering. Ein fersk rapport frå Riksrevisjonen peiker nettopp på at det nasjonalt trengst større kapasitet innan rehabilitering, ikkje mindre.
Som den største eigaren av Muritunet AS ber Møre og Romsdal fylkeskommune statsråden om å stanse Helse Midt si anbodsinnretting som i praksis vil bety nedlegging av rehabiliteringstilbodet i Møre og Romsdal.