Utvidar ny eksamensordning: Skriftleg-munnleg eksamen skal få fleire til å lykkast med fagbrev

I vår blei det innført forsøk med skriftleg-munnleg eksamen i staden for rein skriftleg for praksiskandidatar. Forsøket blir no utvida til å gjelde fleire fag. 

To gutar sager treverk med motorsag. - Klikk for stort biletePå tømrarfaget kan du velje den nye eksamensforma. Tingh

Det blir også i denne perioden mogeleg for praksiskandidatar å ta munnleg-skriftleg eksamen som alternativ til rein skriftleg eksamen. Eksamenstilbodet gjeld no for kokkefaget, reinhaldsoperatørfaget, yrkessjåførfaget og tømrarfaget.

Forsøket inneber at praksiskandidatane kan velje å ta ein skriftleg eksamen på to timar pluss ein munnleg del på ein halv time, i staden for ein fem timars skriftleg eksamen. Ordninga vart sett i gang av Utdanningsdirektoratet, og Møre og Romsdal fylkeskommune deltar i pilotprosjektet. 

– Erfaringane frå i vår er gode, og vi er derfor glade for å kunne fortsette med den alternative eksamensordninga og utvide til fleire fag, seier Einar Hoem, rådgivar for privatist- og praksiskandidatordninga i fylkeskommunen. 

Fleire kan stå på eksamen

Målet er å gi fleire dyktige fagfolk ei eksamensform som passar betre for bakgrunnen og erfaringa deira.

– Mange har ikkje skriveerfaring eller har vore lenge borte frå skulebenken, og strykprosenten på skriftleg teorieksamen har vore høg. Med denne ordninga får dei ei moglegheit som kanskje passar betre for dei og som kan bidra til at dei består eksamen, seier Hoem.

– Har du fagbrev, står du mykje sterkare i arbeidslivet, legg han til.  

Frivillig å delta 

Privatistar og praksiskandidatar som ønsker å delta, må melde seg opp til ordinær skriftleg eksamen i Privatistportalen, som blir opna 1. september. Etter oppmeldingsfristen vil dei få informasjon om korleis dei kan melde seg på forsøket. 

Eksamen blir gjennomført over to dagar, med skriftleg del først og munnleg del  påfølgande dag. 

Du kan lese meir om forsøket på Utdanningsdirektoratet sine nettsider www.udir.no