Fjernarbeid, cowork eller heimekontor? Fylkeskommunen har deltatt i utviklinga for nye digitale arbeidsverktøy i EU-prosjektet Distance Lab.
Tingh
Gjennom Distance LAB har fylkeskommunen og lokale samarbeidspartar deltatt i testing og utvikling av løysingar som skal styrke den nye arbeidsmåten som har skote fart dei siste åra. Verktøya skal gi støtte til digital leiing, effektiv samhandling og berekraftig drift i fjernarbeid og på heimekontor.
Her i regionen har Cowork Romsdal vore testarena for dei digitale løysingane, som no er klare for utrulling. Distance LAB er avslutta, og resultata løfta fram som best practice i Interreg Europe.
Den 19. november kan bedrifter i regionen delta i gratis webinar i regi av Distance LAB frå Lahti- der blant andre fylkeskommunen bidrar med foredrag om å skape kultur for digital samhandling. Alle verktøya som er utvikla i prosjektet vil bli presentert.
Du kan melde deg på her.
Menneskeleg faktor
Den norske samarbeidsparten har vore opptatt av å styrke den menneskelege dimensjonen i fjernarbeidet.
- Målet er ikkje berre at verktøya skal gjere verksemder meir effektive – men også gjere dei meir menneskelege. Teknologien skal støtte fellesskapet og samspelet, ikkje erstatte det, seier May-Britt Roald, rådgivar i fylkeskommunen og deltakar i Distance Lab
Digital kaffi
Ho understrekar at verktøya skal bidra til å gjenskape noko av nærleiken og kontakten som ofte forsvinn når vi jobbar digitalt, sjølv om vi sit langt frå kvarandre.
– Det handlar om å skape eit arbeidsliv der folk kan jobbe fleksibelt og samtidig kjenne seg som ein del av eit fellesskap. Vi foreslår blant anna felles digitale kaffipausar, for å få plass til meir relasjonsbygging og ideutveksling, seier Roald.