Valde løysing for utbetring av fem ferjekaier i Utasundssambandet

Fylkestinget i Møre og Romsdal vedtok tysdag strategi for utbetring av fem ferjekaier i samband med «Utasundspakken». Vedtaket inneber ei stegvis oppgradering for å forlenge levetida til kaiene fram til om lag 2040.

Ferjekaia på Orta. - Klikk for stort bileteFerjekaia på Orta. Eivind Alver

Ferjekaiene i Utasundspakken – Småge, Finnøy, Orta, Sandøy og Ona – har alle behov for utbetring. Alle kaiene er bygd for over 50 år sidan (utanom Orta som er 41 år) og har opp gjennom hatt mindre utbetringar og utskifting av element. Levetid for ferjekaier i betong er i Møre og Romsdal fylkeskommune estimert til 50 år, og dermed er alle kaiene i utgangspunktet modne for utskifting/ omfattande rehabilitering.

Totalkostnaden for utbetringane er estimert til 285 mill. kr. 

Ferjestorleik i sambandet vil vere tilsvarande som i dag også i komande kontraktsperiode ut frå dimensjonane på kaiene og djupne i farleia.

Vedtaket i fylkestinget var einstemmig.

Møteinnkalling, saksliste og saksframlegg for fylkestinget 10.-11. juni finn du på fylkeskommunen sine nettsider.