Vedtok å trekke motsegn i sak om områderegulering - Sulafjellet

Fylkesutvalet vedtok i dag å trekke motsegna når det gjeld omsynet til friluftsliv då dei behandla i saka om områderegulering - Sulafjellet.

Saka er no til tredje gongs høyring, og i saksutgreiinga innstilte fylkeskommunedirektøren på å trekke den tidlegare motsegna som gjaldt nyare tids kulturminne. Dette med bakgrunn i at det  er gjort justeringar i føresegnene som betre ivaretek kulturmiljøverdiane. Når det gjaldt motsegn med omsyn til friluftsliv såg ikkje fylkeskommunedirektøren at det i planforslaget var gjort endringar som gir grunn for å trekke motsegna, og tilrådde difor å oppretthalde denne.

Under behandling av saka i fylkesutvalet i dag vart det fremma forslag om å trekker motsegna når det gjeld omsynet til friluftsliv.

I den skriftlege grunngjevinga for å trekke motsegna står det:

Fylkesutvalet meiner at tiltaket ikkje vesentleg svekker ålmenta sin tilgang til å drive friluftsliv, tvert om vil fleire kunne kome ut i naturen gjennom god tilrettelegging for blant anna rørslehemma. Tiltaket vil og avlaste fleire nære og pressa turområde som Akslafjellet, Sukkertoppen og  Spjelkavik/Emblemsfjellet. Vidare er tiltaket i tråd med planar om satsing på berekraftig reiseliv i fylket. Tiltaket vil og kunne føre til eit betra hurtigbåtsamband mellom Langevåg og Ålesund, noko som gjer det lettare for fleire i det tette byområdet i Ålesund, som  då kan nytte Sulafjella til friluftsliv og rekreasjon i større grad utan bruk av bil. 

Ved votering fekk forslaget om å trekke motsegna åtte stemmer, fem stemte mot.

Møteinnkalling, sakliste, saksframlegg for fylkesutvalsmøte 29. mai.