Vedtok auke i takstar

Fylkestinget har vedtatt å auke ferjetakstane med ei takstsone og periodebillett på buss med 20 prosent.

Det var i saka «Økonomirapportering per 1. tertial 2024 inkl. forslag til budsjettjusteringar», på fylkestinget 11.-12. juni, at endringar i takstane blei vedtatt.

Fylkesvegferjene

På fylkesvegferjene blir det ein auke med ein takstsone på alle betalingssamband frå 1. juli 2024. Dette for å kompensere for den ekstraordinære kostnadsutviklinga for ferjedrifta dei siste åra. Ekstra billettinntekter skal brukast til å oppretthalde ferjefrekvensen.

Buss

Periodebillett buss blir auka med 20 prosent frå august 2024.

Bussforbindelsen på strekninga Kristiansund-Sunndal-Oppdal (togbussen) blir ført vidare heile budsjettåret 2024, også etter 01.09.24. Kostnaden for dei fire siste månadane av 2024, ca. 1,7 mill. kroner, blir dekt inn frå Skaparkraft-programmet og avsetting til vegvedlikehald, 50 prosent kvar. Vidare drift av busstilbodet etter utgangen av 2024 blir vurdert etter at Trøndelag fylkeskommune har vurdert si deltaking.

Møteinnkalling, saksliste, saksframlegg og protokoll for fylkestinget 11.-12. juni 2024