Vegamot: Fylkesutval-vedtak vil få konsekvensar for bypakke Ålesund

I eit brev som Møre og Romsdal fylkeskommune fekk frå bompengeselskapet Vegamot denne veka, gjer Vegamot merksam på at vedtaket i fylkesutvalet i saka om takstjustering for bypakke Ålesund, får konsekvensar.

Fylkesutvalet har innstilt på prisjustering frå 1.1.2025, men vil ikkje ta med prisveksten i perioden 1.1.2021 til 31.12.2024. Fylkesutvalet innstilte også på å vidareføre rabatten på 50 prosent for nullutsleppskøyretøy. Saka «Bypakke Ålesund - justering av takstar grunna prisvekst» skal behandlast komande veke i fylkestinget, som gjer endeleg vedtak.

Vegamot skriv i brevet at dei etter møtet i fylkesutvalet og den vedtatte handlingsplanen, har gjort nye berekningar av prosjektøkonomien. Desse viser at bypakke Ålesund vil vere underfinansiert med om lag 1,1 mrd. kroner om alle prosjekta blir realisert. Om innstillinga frå fylkesutvalet blir vedtatt av fylkestinget, og alle prosjekta blir realisert, vil gjelda til bypakken nå grensa for den fylkeskommunale garantien hausten 2026. Vegamot må då stoppe eller redusere utbetalingane til bypakken. 

Dette betyr at prosjekt som Ny Brosundbru, Miljøgate Campus, fleire trafikktryggingstiltak står i fare for å ikkje bli realisert. 

Brevet frå Vegamot blir, saman med eit notat frå fylkeskommunedirektøren om konsekvensane, lagt ved saka til fylkestinget.

Lenke til saksframlegget «Bypakke Ålesund - justering av takstar grunna prisvekst», som skal behandlast av fylkestinget. Her finn du også brevet frå Vegamot og notatet frå fylkeskommunedirektøren.