Veidholmen-funnet styrker teorien om eldre samisk kystbosetting

I dag 6. februar blir samefolket sin dag markert over heile landet. I Møre og Romsdal peikar kulturminna på eit langt og mangfaldig samisk nærvær, både på kysten og i fjellområda.

Redskap. - Klikk for stort bileteEin vevspjelk funnen på Veidholmen, Smøla. Dekoren er fint innskåret, og består for det meste av båndfletningsmønster. Funnen av Reidun Leonhardsen under hagegraving. Ole Bjørn Pedersen, NTNU Vitenskapsmuseet

– Eit av dei mest markante funna er eit dekorert vevreiskap, ein vevspjelk, frå Veidholmen på Smøla, datert til 1400–1500-talet.

Det seier Harald Bugge Midthjell, arkeolog og rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han har ti år bak seg i Sametinget, der han har arbeidd med forvaltning av samiske kulturminne i heile det sørsamiske området.

Mann - Klikk for stort bileteHarald Bugge Midthjell. Selfi tatt frå samisk kulturminneregistrering på grensa mellom Kall i Jämtland og Verdal i Trøndelag. Harald Bugge Midthjell

Ifølge Midthjell finst det i dag ikkje samiske busettingsmiljø i fylket, men det bur samiske innbyggjarar spreidd. Historisk har situasjonen vore annleis. Reindrift har lange røter i Møre og Romsdal – «den har bestandig vore her», seier han. Den strekker seg inn frå Trollheimen og Trøndelag, er i dag avgrensa i fylket, men er framleis ei aktiv samisk næring.

Kystsamisk spor gjennom mellomalderen

Midthjell peikar spesielt på Smøla som eit område med samisk bosetting, noko som kjem fram i kyrkjebøker frå 1800-talet. Vevspjelken frå Veidholmen er blant dei klåraste materielle spora, og viser ein stor samisk tidsdybde på Mørekysten.

Gjenstanden er rikt utskoren med typisk samisk flettbandsornamentikk. For arkeologen er funnet eit sterkt indisium på ein meir omfattande samisk kystkultur langs Møre-kysten i mellomalderen enn det ein har dokumentert skriftleg.

Vevspjelken er omtalt av L. F. Stenvik i Nordmøre historielag si årbok frå 1981, og er funnen omkring 1980.

Kart - Klikk for stort bileteKart som viser kjente, samiske kulturminne i Møre og Romsdal

– Det har vore forska lite på kystområda i Trøndelag og Møre. Difor er funna ekstra viktige. Dei peikar på langvarig samisk nærvær som har blitt mindre synleg etter 1500–1600-talet, og som ikkje kjem fram i dei skriftlege kjeldene aleine, seier Midthjell.

Tuftar og eldre spor i innlandet

I Trollheimen-området finst også eldre strukturar som kan vere samiske. I Rindal er det funne tuftar som viser samiske trekk, truleg frå eldre jarnalder – om lag 2.000 år gamle. Forskarane er forsiktige med konklusjonane, men likskapane med kjende samiske byggeskikkar er tydelege.

Midthjell viser òg til artiklar om funna i tidsskriftet Spor frå 2017 og 2018, som gir meir innsikt i både Rindal- og Oppdal-områda.

Gamal bygning. - Klikk for stort bileteBilde av eit av dei ytterst få samiske bygg i Møre og Romsdal; på Lundlia i Sunndal. Bygd av reindrivaren Martin Jonassen i 1924. Bildet er tatt i 2022. Harald Bugge Midthjell

Mangfaldig kulturarv – og mykje vi ikkje veit

Fylket rommar fleire kulturminne som kan vere samiske, men kunnskapsgrunnlaget er framleis for svakt til at dei kan stadfestast. Samtidig lever immateriell kultur vidare i anekdotar og lokale tradisjonar. Mellom anna finst det oppteikna samiske reglar og ei samisk utgåve av Fadervår frå Nordmøre, som sirkulerer på nett.

– Samisk historie i Møre og Romsdal er meir omfattande enn det mange trur, men mykje er enno uutforska, seier Midthjell.