Frå venstre fylkesordførar Anders Riise i Møre og Romsdal, fylkesordførar Ole Ueland i Rogaland og fylkesordførar Jon Askeland i Vestland.
Illustrasjon: Vestland fylkeskommune
Fylkesordførar Anders Riise i Møre og Romsdal seier at E39 ikkje berre er ein veg – han er eit verkemiddel for vekst, busetnad og modernisering:
– E39 er livsnerven på Vestlandet. For næringslivet betyr ein moderne E39 tryggare og raskare transport, færre flaskehalsar og større føreseielegheit. For innbyggarane betyr han kortare reisetid, betre tilgjenge til arbeid og utdanning, og betre beredskap når det skjer hendingar som krev rask respons, seier Riise.
– Må samle Vestlandet
Fylkesordførar Jon Askeland i Vestland er leiar av Vestlandsrådet. Han seier at det no handlar det om å samle Vestlandet for å få på plass raskare og betre gjennomgåande kommunikasjonar i landsdelen.
– Skal vi få gjennomslag i Nasjonal transportplan (NTP), må vi klare å samle oss, elles forsvinn enno meir av NTP-midlane til jernbaneutbygging austafjells, seier fylkesordførar Jon Askeland, leiar av Vestlandsrådet.
Legg fram fersk rapport
På konferansen blir det lagt fram ein fersk rapport av Oslo Economics med eit oppsummert kunnskapsgrunnlag for prioritering og satsing på utbygging av E39 Vestlandsvegen. På programmet vil det òg i regi av tenketanken Initiativ Vest bli presentert ein alternativ utbyggings- og finansieringsstrategi for vegstrekninga.
Konferansen samlar også stortingspolitikarar frå Vestlandet, kommunar, regionråd og næringsliv.
– Handlar om framtida
– Denne konferansen handlar ikkje berre om vegar og utbyggingsplanar – han handlar om framtida til Vestlandet, og særleg Møre og Romsdal. Han samlar dei aktørane som har størst påverknad på korleis vi skal knyte regionane våre tettare saman: næringsliv, politikk, forsking og transportsektor, seier fylkesordførar Anders Riise.
Sjå heile programmet til konferansen