Vestlandet står for 40 prosent av fastlandseksporten

Dei tre vestlandsfylka Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal står for 40 prosent av fastlandseksporten.

Det kjem fram i Eksportmeldinga for 2024. Eksportmeldinga er laga av Menon på oppdrag frå NHO, LO, Innovasjon Noreg, Eksportfinansiering Noreg og Nasjonalt eksportråd.

NRK skriv at norske bedrifter i 2023 eksporterte for 2.400 milliardar kroner, ein nedgang på omkring 24 prosent frå rekordåret 2022. Nesten halvparten av inntektene (1.175 milliardar kroner) kjem frå olje- og gasseksport.

– Tala fortel at vi er sterke på maritimt og sjømat. Vi ser også av rapporten at Møre og Romsdal har store eksporttal på fiskeri og maritimt, seier Helge Hegerberg, rådgivar ved kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Det er potensial for nye verdikjeder, spesielt innanfor hydrogen. Der er det ting på gang, både blått og grønt hydrogen. Og det er potensial innan havvind, seier Hegerberg.