Denne gjengen frå Vestnes er blitt kåra til Årets ungdomsråd. Fv Bjørnar Wernberg Aas, Sandra Sangdee Hjelvik, Karoline Nerås Eide, Tuva Johanne Rydpal Hovden
Lill Fjerstad
Årets ungdomsråd er kåra på Ungdommens fylkesting, der nær 70 ungdommar frå heile fylket er samla i Ålesund denne helga. I konkurranse med Kristiansund og Sula ungdomsråd, var det Vestnes ungdomsråd, med medlemmane Bjørnar Wernberg Aas, Sandra Sangdee Hjelvik, Karoline Nerås Eide og Tuva Johanne Rydpal Hovden som blei stemt fram.
Leiar i ungdomspanelet Magnus Smørdal meiner dei er ein verdig vinnar.
- Vi glade for å kunne dele ut prisen Årets ungdomsråd til Vestnes ungdomsråd. Dei har gjort ein særleg stor innsats for å få på plass ein møteplass for ungdom i kommunen sin og for å inspirere ungdom til å engasjere seg i politikken, seier Smørdal.
Vil betre ungdommen sin kvardag
I nominasjonen frå ordførar Randi Bergunghaugen kjem det fram at rådet blant anna har:
- gjort ein solid innsats med å skape medverknad, nytenking og framtidstru i arbeidet med kommuneplanen i Vestnes. Dei arrangerte eigne innspelsmøte for ungdom i tillegg til å delta i ulike arbeidsgrupper og andre samanhengar der ungdomsperspektivet er viktig.
- jobba målretta for å sikre at unge blir høyrt i politiske saker som angår dei. Dei har tett dialog med ordførar og kommunestyre og bidratt til fleire initiativ som betrar ungdommen sin kvardag og tatt tak i mobbesituasjon på skular og blant ungdommar i kommunen.
- endra måten dei rekrutterer nye medlemmar på ved hjelp av søknadsprosess, intervju og fokus på leiing, og dermed klart å auke status og interesse for arbeidet i ungdomsrådet.
- stått bak fleire vellykka arrangement og prosjekt for ungdom, som ungdomsklubb/sosiale møteplassar og ulike kulturarrangement. No planlegg dei sin eigen Vestneskonferanse for ungdom.
I nominasjonen skriv ordføraren at ho er takksam og audmjuk fordi ho og kommunen har eit fantastisk ungdomsråd, som er opptatt av å skape framtida på ein positiv måte.
Møteplassar og medverknad
Prisen er 10.000 kroner og eit diplom, og vil bli delt ut av Ungdomspanelet når dei besøker årets ungdomsråd i løpet av året som kjem
Prisen Årets ungdomsråd i Møre og Romsdal blir stemt fram under Ungdommens fylkesting i Møre og Romsdal kvart år. Prisen går til ungdomsråd som har utmerka seg ved å:
- legge til rette for medverknad for ungdom
- skape gode møtestadar for ungdom
- bidra til eit allsidig fritidstilbod for ungdom
- gjere ein særskild innsats for ungdom i kommunen