Vi må snu utviklina, var det klare bodskapet frå fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen
Jan Ragnvald Eide
– Dette rører ved meg personleg. Eg synest det er trist at grafen går feil veg. Vi må samle kreftene om dette, sa Tønnesen.
Fylkesvegsjefen presenterte ulykkestala då Møre og Romsdal fylkeskommune og Trygg Trafikk samla fagfolk til trafikktryggleikskonferanse i Molde 6.-7. oktober.
Representantar frå mellom anna kommunane, Statens vegvesen, politiet, forskingsmiljø, trafikantorganisasjonar og Ungdommens fylkesråd bidrog til diskusjonen om korleis fleire kan komme trygt heim.
Utforkøyringar er ei stor utfordring
Det nasjonale målet er maksimalt 350 drepne og hardt skadde i trafikken i 2030. Skal vi nå det, må risikoen ned også på fylkesvegane.
I Møre og Romsdal er utforkøyringar ei særleg utfordring. I perioden 2016-2025 blei 87 menneske drepne eller hardt skadde i utforkøyringsulykker på fylkesvegane. Til samanlikning var talet 14 på riks- og europavegane i fylket.
Tønnesen peika på at mange fylkesvegar manglar fast vegskulder og har djupe grøfter, tre eller fjellvegg tett inntil vegbana. I tillegg er det eit stort vedlikehaldsetterslep på rekkverk.
Motorsyklistar er særleg utsette
Fire av seks dødsulykker på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2025 var MC-ulykker. Tønnesen peika på at motorsyklistar er sterkt overrepresenterte samanlikna med kor stor del av transportarbeidet dei står for.
Tryggleiken til unge MC-førarar fekk også stor plass på konferansen. Det blei presentert eit pilotprosjekt retta mot unge førarar og foreldre, medan forskarar og fagfolk delte kunnskap om unge sine val i trafikken.
Eigne val har stor betydning
Tønnesen understreka at trafikantane sine eigne val har stor betydning. Arbeidet med vegane må derfor gå hand i hand med kontrollar, opplæring og haldningsskapande arbeid retta mot mellom anna fart, rus og mobilbruk.
Ungdommen utfordra dei vaksne
Anders Krogset og Kenni Dogbey frå Ungdommens fylkesråd sette ungdom sitt perspektiv på trafikktryggleik på dagsordenen. Med mopedbil, ATV og elsparkesykkel som tema engasjerte dei salen og utfordra dei vaksne til å tenke over eiga åtferd i trafikken og kva haldningar dei formidlar til barna sine. Innlegget deira var særs engasjerande og fekk mange lovord frå salen.