Johannes Aanes frå Frei og Eirik Fuglevaag Selnes frå Averøy er 1. års lærlingar
Ingvild D. Sæter
Lærlingane står i startgropa på to spennande år. Bratt læringskurve og mykje nytt å sette seg inn i. Det er det som møter dei i overgangen frå skole til arbeidsliv.
Gler oss til å gjere ting vi ikkje har gjort før
På Kristiansund vidergående var det i dag klart for siste pulje.
To av lærlingane som deltok var Johannes Aanes frå Frei og Eirik Fuglevaag Selnes frå Averøy. Begge har akkurat starta læretida si i Neas, og ser fram til dei to neste åra.
-Eg gler meg til å få utført arbeid og lære meg nye ting fortel Eirik.
– Ja, og så ser eg fram til å utføre jobb som du kan bli stolt over, og riktig måte, skyt Johannes inn.
I læretida får vi prøve ting vi ikkje har prøvd før, arbeidsoppgåver som vi ikkje har fått gjort på skolen, seier Eirik.
Johannes fortel at han trur det blir forventa at dei blir meir sjølvstendig og at dei i løpet av dei to neste åra.
– Sjølvsagt vil vi ha med oss nokon med fagbrev til å rettleie oss, men etter kvart er det meininga at vil kunne jobbe meir på eiga hand.
Seksjon for opplæring i bedrift arrangerer samlingane. Med seg har dei ein psykolog som snakkar om psykisk helse, elev- og lærlingombodet, LO for å fortelje om arbeidsavtale og arbeidslivet og samarbeid Mot Svart Økonomi.
Synne Megaard, Maiken Røshol, Berit Brudeseth, Iselin H. Dahle og Sølvi Sundli Gjernes frå opplæring i bedrift.
Ingvild D. Sæter