Arbeid med asfaltering i Skaret utenfor Molde.
Else Britt Ervik
God drenering reduserer risikoen for vasskadar og held vegkroppen stabil over tid. Stikkrenner under vegen leier vatnet bort, og kvart år blir mange stikkrenner skifta ut eller vedlikehaldne.
Ny asfalt er også avgjerande for tryggleik og framkome. Eit nytt dekke jamnar ut vegen, reduserer risikoen for vassplaning og vernar mot vidare nedbryting.
- Når vi asfalterer, tettar vi vegoverflata slik at vatn ikkje treng ned i vegkroppen og skadar vegen, seier Leif Olav Brandt, byggeleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
I dag blir det ofte nytta biogen olje i asfaltproduksjonen. Det gir lågare CO₂-utslepp fordi olja kjem frå fornybare råstoff og restprodukt.
Metodane for vedlikehald utviklar seg stadig. Der bereevna er svak, kan vegen bli forsterka før ny asfalt blir lagt. Det gir ein meir robust veg og forlenger levetida.
- Målet er å sikre tryggleik og framkome på fylkesvegane, samtidig som vi forvaltar vegnettet på ein berekraftig måte, seier Brandt.
Sjå film frå arbeidet vårt:
Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.