Planlegg du eit arrangement? Då er det lurt å bli med på tilskotswebinar.
Unsplash
Kulturavdelinga inviterer til eit ope webinar måndag 14. september 2026. Her får deltakarane informasjon om aktuelle tilskotsordningar, søknadsprosessar, rapportering og viktige fristar. Målet med webinaret er å gjere det enklare å finne fram til rett ordning og hjelpe søkarar med å skrive gode søknader.
Webinaret passar for lag, organisasjonar, institusjonar, kommunar, frivillige aktørar og andre som vurderer å søke kulturmidlar frå fylkeskommunen.
Dette får du informasjon om
Programmet vil mellom anna ta for seg:
• Oversikt over aktuelle tilskotsordningar
• Rettleiing i søknads- og rapporteringsskjema
• Kva som er nytt i år, som endringar i fristar, ordningar og prioriteringar
• Tips til korleis skrive ein god søknad
• Moglegheit til å stille spørsmål
Webinaret blir gjennomført digitalt i Teams.
Praktisk
Tid: Måndag 14. september 2026
Stad: Teams
Målgruppe: Alle som ønsker informasjon om tilskotsordningane til Møre og Romsdal fylkeskommune
Her kan du melde deg på webinar.