Vil finne ut om det er interesse for gaming blant eldre

Fylkeskommunen vurderer å sette i gang eit prosjekt om gaming for eldre.

to eldre som sit i ein sofa, den eine held ein controllar i hendene og prøver dataspel. - Klikk for stort bileteKan seniorgaming gjere det lettare å navigere i ein digital kvardag? Fylkeskommunen ønsker å finne ut om kommunane er interesserte i seniorgaming, blant anna for å auke den digitale kompetansen. KRED

Mange kommunar har dataspel og utstyr som ungdom kan bruke. Kan dette også brukast av eldre? Dette ønsker fylkeskommunen å finne ut meir om.

Tysdag 9. april inviterer fylkeskommunen rådgivarar, kulturkonsulentar, bibliotektilsette, folkehelsekoordinatorar, frivilligsentralar og andre til digitalt møte om seniorgaming.

Hensikten er å kartlegge om det er interesse for eller ønske i kommunane om å starte med møteplassar eller aktivitetar der eldre kan prøve dataspel, eller seniorgaming.

– Dataspel gir god motorisk trening, og det er sosialt. Mange eldre syns for eksempel det er vanskeleg å bruke BankID og navigere i ein digital kvardag, men det meiner vi at gaming kan hjelpe på. Dataspel vil gi meir digital forståing og bidra og  til eit kvikkare sinn, seier rådgivar Anne Askeland.

Interesserte kan på fylkeskommunen si nettside melde seg på Teams-møte, samsnakk om seniorgaming, tysdag 9. april kl. 10-11.

På møtet kan kommunane også seie frå om dei ønsker å delta i pilotprosjekt for seniorgaming.

Askeland påpeiker at mange kommunar allereie har utstyret som krevst for å gå i gang.

– Det fine er at kommunane kan bruke spel og spelutstyr som dei allereie har i for eksempel fritidsklubbar og bibliotek dersom dei vil teste seniorgaming. Dei kan dei også inkludere alle andre aldersgrupper, seier ho.

Kontaktpersonar:

  • Ronja Voldsund, prosjektmedarbeidar, ung kunst- og kultur, telefon 93 05 39 59
  • Anne Askeland, rådgivar bibliotek, telefon 71 28 05 55