Vil føre vidare biblioteka sine digitale innhaldstenester

Innkjøpssamarbeidet Bibliotek24 har gitt eit betre digitalt bibliotektilbod i heile landet. No foreslår fylkeskommunedirektøren å seie ja til at tenesta blir ein del av KS Digitale Fellestenester AS.

Saka skal tysdag 10. september til behandling i kultur- og folkehelseutvalet.

Det var i 2022 at Møre og Romsdal fylkeskommune vart med i eit prosjekt, saman med dei andre fylkeskommunane i landet, der ein utforska og tilrådde driftsform for anskaffing og distribusjon av digitale innhaldstenester til folkebibliotek og offentlege vidaregåande skolebibliotek. Drifta vart organisert i innkjøpssamarbeidet Bibliotek24 gjennom Vestfold fylkeskommune.

Med digitale innhaldstenester meiner ein for eksempel tenesta PressReader, der biblioteka får tilgang til over 6.000 aviser og tidsskrift frå meir enn 125 land på 60 ulike språk.

«Samarbeidet har ført til ei betre digitalt bibliotektilbod i landet, forenkla koplinga mellom bibliotek og leverandør, og styrka forbrukarmakt til biblioteka», skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.

No har ei arbeidsgruppe tilrådd å overføre drift av Bibliotek24 til KS Digitale Fellestjenester AS, og Bibliotek24 ber alle fylkeskommunar om å fatte vedtak om overføring.

Fylkeskommunedirektøren meiner det er riktig å inngå eit strategisk samarbeid med KS Digitale Fellestjeneser AS ved å kjøpe driftstenester frå Bibliotek24. Ho innstiller også på at endelege driftskostnadar, estimert til mellom 150.000 og 350.000 kroner i året, blir innarbeidd i komande økonomiplan.

Møtedokument for kultur- og folkehelseutvalet sitt møte tysdag 10. september 2024.