Vil gi foreldra opplæring i trygg bruk av lett motorsykkel

Å køyre lett motorsykkel som ung førar medfører stor risiko. Om foreldra deira sett av ein time kan det gjere livsviktig forskjell. 

Onsdag 25. mars kl. 18.00-19.00 inviterer fylkeskommunen til eit digitalt foreldremøte for alle foreldre og føresette ved dei vidaregåande skulane i fylket.

Møtet kan du sjå her onsdag 25. mars klokka 18.00

Møtet kjem i stand fordi en treng å førebygge ulykker og styrke kunnskapen om trygg køyring blant ungdom. På møtet får foreldra råd om korleis dei kan snakke med ungdom om risiko, val av utstyr, teknisk tilstand på motorsykkelen og trygg åtferd i trafikken.

To personar på ein lett motorsykkel - Klikk for stort bileteLett motorsykkel er kjekt, men ikkje risikofritt Morten Brakestad - Trygg trafikk

 

Risiko knytt til å køyre lett motorsykkel

Behovet er høgst reelt: I 2025 omkom fem personar på lett MC på norske vegar, og i sommarhalvåret 2024 omkom også fem på lett MC. Fire av dei som omkom då, var gutar på 16 og 17 år. Statens vegvesen peikar på at unge bil- og MC-førarar er spesielt overrepresenterte i ulukker som skuldast høgrisikoåtferd.

“Fylkeskommunen har ansvar for å samordna tiltak for å fremme trafikksikkerheita i fylket. Ved å arrangere slike møter håper vi at foreldregruppa kan få nyttige tips til korleis ein bruker motorsykkel på ein tryggare måte. Det er dei som er nærmast sin ungdom og kan gjere den største forskjellen", seier rådgivar i plan- og trafikkseksjonen Henny Totlandsdal.

Tips frå ekspertar

Det er folk med lang erfaring frå både forsking og motorsykkelbransjen som skal bidra med si ekspertise på møtet. 

  • Jan Petter Wigum – universitetslektor ved Nord universitet, avdeling trafikkfag. Ein av dei fremste MC-ekspertane i landet og forskar på MC-sikkerheit.
  • Olea Kvalsvik – styreleiar i Norsk Motorcykkel Union og president i Federation of European Motorcyclists’ Association. Ei sentral stemme for om lag 40 millionar motorsyklistar i Europa.
  • Arild Lind – dagleg leiar i Norsk Motorcykkel Union. Representerer over 7 100 medlemmar og har vore ein viktig bidragsytar til MC-sikkerheit sidan 1972.
  • Olaf Olstad – sekretariatsleiar i Norsk MC Forhandler Forening. Arbeider for gode vilkår for både brukarar og forhandlarar, og for styrkt samarbeid med styresmaktene.
  • Bård Morten Johansen – fagsjef for trafikksikkerheit i Trygg Trafikk. Har ansvar for forsking og kunnskapsutvikling om mellom anna trafikantåtferd, infrastruktur og køyretøyteknologi.

 

Dette er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Nord universitet, Norsk Motorcykkel Union, Norsk MC Forhandler Forening og Trygg Trafikk.