Vil gi Tahitibrygga nytt liv, løyver 175.000 kr. til ein tilstandsrapport

Tahitibrygga på Innlandet i Kristiansund har høg nasjonal arkitektur- og kulturhistorisk verdi. No bidreg Møre og Romsdal fylkeskommune med pengar til å få laga ein tilstandsrapport for brygga.

Brygge - Klikk for stort bileteTahitibrygga i Kristiansund fotografert i november 2023. Ingvild Dverseth Sæter

Ein heilskapleg tilstandsrapport vil stadfeste bygninga si tilstand, foreslå tiltak og er viktig for den vidare forvaltninga av Tahitibrygga.

Fredag løyvde Møre og Romsdal fylkeskommune inntil 175.000 kroner til Øyehaug Eiendom AS for å utarbeide ein tilstandsrapport med tiltaksplan, prioritering av strakstiltak og kostnadsoverslag for Tahitibrygga. Handverkarane som dei vil bruke til å gjere jobben, har mange års erfaring med å gi nytt liv til liknande brygger langs Nidelva i Trondheim.

Tahitibrygga er eigd av eit føretak som no er konkurs. Bustyrar i konkursbuet vil at andre skal overta eigarskapet til brygga. Det er enno uklart kva som vil skje med eigarskapet.

I vedtaksbrevet til Øyehaug Eiendom AS skriv fylkeskommunedirektøren at forsking viser at framleis bruk og tilpassa ombruk av eksisterande bygningar er eit viktig bidrag for å redusere utslepp av klimagassar frå byggesektoren. Ved å forlenge bygningar si levetid, blir ressursane utnytta betre, då utsleppa knytt til bygging allereie har funne stad.

«I stortingsmeldinga om kulturmiljøfeltet er ombruk av bygningar peikt på som eitt av fleire verkemiddel. Dette kjem i tillegg til kulturhistoriske, estetiske og arkitektoniske kvalitetar, som er viktige for stadidentiteten og for å skape gode nærmiljø», heiter det i brevet.