Vil ha betre samarbeid mellom heim og skole Mobbeombodet og elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal legg i årsrapporten 2023-2024 vekt på samarbeidet mellom heim og skole. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. – Vi må samarbeide meir enn nokon gong, er bodskapet frå mobbeombod Kristin Øksenvåg og elev- og lærlingombod Tove Regine Stranden Hammerø. – Forsking viser at eit godt samarbeid mellom skole og foreldre har betydeleg positiv innverknad på elevane si læring, trivsel og utvikling.Rapporten frå omboda vart lagt fram for fylkestinget under samlinga 9. og 10. desember.Seks tema i ombodsblikketI rapporten brukar dei ombodsblikket, deira perspektiv på barn og unge si opplæring og læringsmiljø. Då løfter dei fram seks tema:Barnehagen – få førespurnadarMobbing i skolenSamarbeid mellom skole og foreldreUfrivillig skolefråværLærlingar i kjønnsdominerte bransjarHeving av lærekontraktVedtaket i fylkestingetFylkestinget vedtok følgande om årsrapporten 2023-2024:Fylkestinget i Møre og Romsdal tek mobbeombodet si rapportering til orientering.Fylkestinget i Møre og Romsdal ber fylkeskommunedirektøren følgje opp elev- og lærlingombodet sine anbefalingar for vidaregåande opplæring. Fylkestinget ser med bekymring på den negative utviklingen med økt mobbing på skolene i Møre og Romsdal. Det er vanskelig å se at denne utviklingen kan stanses uten økte ressurser til skolene, og dersom det gjennomføres ytterligere kutt i skolene, er det en betydelig risiko for at denne negative utviklingen vil kunne eskalere. Saksliste, saksframlegg og møteprotokoll for fylkestinget 9. og 10. desember Publisert 17.12.2024 13.24 Sist endra 11.02.2025 09.18