Illustrasjonsfoto.
Magnar Fjørtoft
Trafikksikker kommune er ei nasjonal godkjenningsordning i samarbeid mellom Trygg Trafikk og fylkeskommunane. Ordninga skal sikre at kommunane arbeider systematisk og heilskapleg med trafikktrygging. For å bli godkjend må kommunen oppfylle og dokumentere bestemte kriterium for det organisatoriske trafikktryggingsarbeidet.
Gjer avtale for tre år
Godkjenninga varer i tre år og må deretter fornyast. Regodkjenninga er ein enklare prosess som skal bidra til kontinuerleg utvikling av kommunen sitt arbeid med trafikktrygging.
I Møre og Romsdal er Sykkylven og Molde dei einaste kommunane som er godkjende som Trafikksikker kommune, ifølge Trygg Trafikk. I landet sett under eitt er er talet 214.
Gir gratis hjelp til kommunane
Regionleiar Per Gjerde i Trygg Trafikk i Møre og Romsdal var til stades i møtet onsdag. Han seier Trygg Trafikk tilbyr gratis bistand til alle kommunar som ønsker å bli godkjende.
– Trygg Trafikk kjem gjerne i møte med leiargruppa i kommunen for å presentere ordninga og kva som må til for å bli godkjend, seier Gjerde.
Vil ha fylkeskommunen med
Samferdselsutvalet ønsker også at Møre og Romsdal fylkeskommune skal bli Trafikksikker fylkeskommune. Utvalet ber fylkeskommunedirektøren legge fram eit kostnadsoverslag for innføringa og ein framdriftsplan i samband med forslaget til budsjett for 2027.
Møteprotokoll og saksframlegg for samferdselsutvalet sitt møte onsdag 21. oktober