Vil ha innspel om togtilbodet

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker innspel til Jernbanedirektoratet sitt arbeid med ruteendringar for togtilbodet frå desember 2025. Derfor er det sendt ut høyringsbrev til aktuelle kommunar med svarfrist 10. mai 2024.

Høyringa har bakgrunn i dei årlege dialogmøta som Jernbanedirektoratet har med fylkeskommunane.

Direktoratet har bedt Møre og Romsdal fylkeskommune om å innhente innspel frå aktuelle kommunar og andre aktørar i regionen til arbeidet med ruteendringar i togtilbodet frå desember 2025 (R 2026). Arbeidet med endringane er i oppstartsfasen.

Fylkeskommunen har derfor sendt høyringsbrev dei kommunane i fylket som ligg nærast togstasjonar, og der kor FRAM har eit busstilbod knytt til togtilbodet.

I brevet understrekar fylkeskommunen at også andre kommunar og aktørar i regionen er velkomne til å kome med innspel.

Innspel som omfattast av prosessen kan vere:

  • Endringar i eksisterande togtilbod
  • Nye togtilbod
  • Større endringar i rutetider som har konsekvensar for andre togtilbod
  • Andre endringar som har økonomiske konsekvensar for staten
  • Endring av stoppstruktur  
  • Andre forhold knytt til togtilbodet

Jernbanedirektoratet ønsker innspel som gjeld både langsiktige endringar av togtilbodet, så vel som mindre justeringar som kan gjennomførast ved ruteendringar dei kommande år.

Møre og Romsdal fylkeskommune vil samanfatte innkomne innspel og forslag for politisk behandling i samferdselsutval og fylkesutval i juni, og oversende til Jernbanedirektoratet.

Kvar skal innspela sendast?

Innspel sendast på e-post til Møre og Romsdal fylkeskommune og merkast med referansenummer 24/11612.

Frist for innsending er 10. mai 2024.