Pengane som fylkeskommunen har fått skal gå til å styrke moglegheitene for psykisk helsefremmande aktivitet, og gjere dette meir synleg lokalt.
Elin Johanson Lyngstad
ABC for god psykisk helse handlar om å bygge og styrke psykisk helse for heile befolkninga. På same måte som ein kan trene musklar og kondis, kan ein trene den psykiske helsa. Målet med folkehelsekampanjen er at heile befolkninga skal forstå kva ein må gjere for å styrke eigen og andre si psykiske helse.
Pengane som fylkeskommunen har fått skal gå til å styrke moglegheitene for psykisk helsefremmande aktivitet, og gjere dette meir synleg lokalt. Det skal bli lagt betre til rette for deltaking i aktivitetar og meiningsfulle fellesskap som er opne for alle – i foreiningar og nabolag, i skulekvardagen, på jobben og elles.
Helsedirektoratet
ABC står for «act, belong, commit» og betyr å
- vere aktiv på ulike måtar
- vere saman med andre
- gjere noko ein synest er meiningsfullt
Dei 1,6 millionar kronene som Møre og Romsdal fylkeskommune har fått frå Helsedirektoratet skal gå til regional og lokal implementering av det kunnskapsbasert ABC-rammeverket. Dette skal fremme psykisk helse i hele befolkninga, i det offentlege og i frivillige organisasjonar. Det skal skje gjennom auka kompetanse og bevisstheit, i tillegg styrking av helsefremmande aktivitetar lokalt i Møre og Romsdal.
Helsedirektoratet
– I første omgang ønsker vi å fokusere særleg på verdien av ABC i frivillig sektor, og vi inviterer både frivilligheita og kommunane for å bli kjent med verktøyet, seier seniorrådgivar Rigmor Hustad Holen i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Hustad Holen seier at mesteparten av midlane vil bli nytta i ei tilskotsordning.
I samband med at arbeidet i Møre og Romsdal blir starta opp, så ønsker fylkeskommunen å invitere til konferansen ABC for god og inkluderande psykisk helse – kick off!. Dette vil bli ein inspirerande dag på Scandic Seilet i Molde 27. mai. På programmet står mellom anna erfaringar frå Trøndelag som har vært pilotfylke i arbeidet, Oppdal kommune, Frivillighet Norge og Telemarksforsking med resultat frå den nye frivilligundersøkinga i Møre og Romsdal.
Helsedirektoratet
– Målet med konferansen er å gi inspirasjon og at vi får brei medverking på korleis vi kan ta dette vidare i fylket. Her er alle velkomne, særleg frå kommunar og frivilligheita i fylket, seier Hustad Holen.
Følg denne lenka for å lese meir om ABC-metoden.