Fylkesutvalet.
Møre og Romsdal fylkeskommune
Fylkesutvalet vedtok måndag ei uttale til statsbudsjettet for 2027 med ei lang rekke krav til regjeringa og Stortinget. Uttalen vart vedtatt med 11 mot ei stemme.
Bekymra for sjukehusøkonomien
Økonomien i Helse Møre og Romsdal er eitt av områda fylkesutvalet løftar fram. Helseføretaket har eit omstillingskrav på 600–750 mill. kroner, og fylkeskommunen meiner staten må sikre økonomien til sjukehusa, spesialisthelsetenesta og ambulansetilbodet.
Krev meir til fylkesvegane
Fylkesutvalet vil også at ekstramilliarden til fylkesvegane frå 2026 skal bli ei varig ordning. Fylkeskommunen ber om meir pengar til ras- og skredsikring og fornying av bruer.
Uttalen etterlyser også oppstartsmidlar til E39 Volda–Furene og E39 Astad–Bjerkeset.
Fleire krav til staten
Uttalen omfattar i tillegg mellom anna kollektivtransport, kommune- og fylkesøkonomi, kraft, skipsbygging, fiskeri, forsking, utdanning og kultur.
Fylkesutvalet ber også om ei varig løyving til Runde Miljøsenter og at det foreslåtte kuttet til NORSØK på Tingvoll blir reversert.
Heile uttalen frå fylkesutvalet
Uttale til statsbudsjettet 2027
Møre og Romsdal fylkeskommune har følgande uttale til statsbudsjettet for 2027.
Helseføretak og sjukehusøkonomi
Helse Møre og Romsdal står i ein svært alvorleg økonomisk situasjon, og framlegget til statsbudsjett gir ikkje den avlastinga fylket har bede om.
Investeringskostnadene ved det nye sjukehuset SNR, renter, avskrivingar, IKT og Helseplattforma slår rett inn i drifta. Helseføretaket har framleis eit omstillingskrav på 600–750 mill. kroner. Om lag 300 årsverk skal bort, og det blir samanslåing av funksjonar, sentralisering av tilbod og avvikling av enkelte tenester. Desse kutta går direkte ut over pasienttilbodet.
Regjeringa aukar budsjetta til sjukehusa med 3,1 mrd. kroner nasjonalt. Men auka behov som følgje av fleire eldre og fleire innbyggjarar et opp mest heile auken, og for Helse Møre og Romsdal gir dette ingen reell ny hjelp.
Det er heilt prekært at staten sikrar økonomien for drifta av sjukehusa,spesialisthelsetenesta og ambulansetilbodet, slik at innbyggjarane i heile Møre og Romsdal får eit likeverdig helsetilbod og likeverdig helsetilbod som resten av landet.
Fylkesvegnettet og fergedrift
Ekstramilliarden til fylkesvegane må vidareførast og gjerast varig. I revidert nasjonalbudsjett for 2026 fekk fylkeskommunane éin milliard kroner ekstra til vedlikehald og mindre investeringar på fylkesvegane. Denne milliarden er ikkje vidareført i framlegget til statsbudsjett for 2027. For fylkeskommunane er dette i realiteten eit kutt samanlikna med 2026.
Regjeringa sine eigne tal viser at nær 40 prosent av fylkesvegnettet hadde dårleg eller svært dårleg dekketilstand i 2025. Veksten i dei frie inntektene til fylkeskommunane er berre 600 mill. kroner i 2027. Det står ikkje i forhold til behovet, og heller ikkje til ambisjonen i Nasjonal transportplan om å ta vare på det vi har. Etterslepet i Møre og Romsdal, med mange fjordkryssingar og bratt terreng, vil berre auke med dagens overføringar.
Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at ekstramilliarden blir vidareført som ei varig og fleirårig ordning, og at ho blir trappa opp. Ein pilot for «På god veg» i Møre og Romsdal kan vere eit godt verkemiddel. Kontraktane bør utformast slik at også små og mellomstore entreprenørar kan konkurrere.
Møre og Romsdal fylkeskommune er positiv til at regjeringa styrkjer finansieringa av fylkesferjene, noko som bidreg til betre økonomisk balanse i ferjedrifta. Fylkeskommunen understrekar samstundes behovet for langsiktig og føreseieleg finansiering som tek omsyn til kostnadsutviklinga og nasjonale miljøkrav. Målet må vere å sikre eit godt ferjetilbod utan urimelege takstaukar for innbyggjarar og næringsliv.
Ulykkesrisikoen er dramatisk høgare på fylkesvegane enn på andre vegar. Målet i Nasjonal transportplan er maks 350 drepne og hardt skadde innan 2030, men dei siste tolv månadene var talet 680 ifølgje Statens vegvesen. Statsbudsjettet må vise ei tydeleg satsing på trafikktrygging, særleg på gang- og sykkelvegar, kryss og rundkøyringar på fylkesvegane.
Møre og Romsdal fylkeskommune er også uroa over at øyremerkte midlar til trafikktrygging på kommunale vegar ikkje er prioriterte i framlegget for 2027. Vi viser også til vedlagde uttale frå Samarbeidsforum for samferdsel i Midt-Noreg om vedlikehaldsetterslepet på bruer, og sluttar seg til innhaldet i denne.
Ras- og skredsikring og fylkesvegbruer
Behovet for ras- og skredsikring av fylkesvegane i Møre og Romsdal er stort, og klimaendringar gir meir ekstremvêr og auka skredfare. Stortinget bad i juni 2026 regjeringa vurdere å auke kompensasjonen for ras- og skredsikring. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at ramma til ras- og skredsikring blir auka, og at det blir lagt større vekt på ny teknologi for overvaking og varsling.
Fylkeskommunen ber også om statleg medverknad til varig rassikring av Trollstigen, ein av dei mest besøkte nasjonale turistvegane.
Fylkesvegnettet består av mange bruer som er modne for utskifting. Vi opplever ei «eldrebølgje» for bruene våre, og det er umogleg å fornye dei til akseptabel standard med dagens løyvingar. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om særskilde løyvingar til fornying av bruene, noko som også er viktig for beredskapen.
Oppstartsmidlar til viktige statlege vegprosjekt i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune er glad for at statsbudsjettet gir 1,05 mrd. kroner til oppstart av Stad skipstunnel, at E136 Breivika–Lerstad opnar for trafikk i 2027, og at anleggsarbeidet på rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen startar. Vi er også glade for vidare arbeid med Veibustkrysset på E39 og ny Fale bru på RV. 70.
Vi vil likevel understreke at Møre og Romsdal over tiår har fått svært lite av samferdselsmidlane. E39 Volda–Furene (Voldatunnelen) og E39 Astad–Bjerkeset er begge prioriterte i første seksårsperiode i NTP 2025–2036, men har ikkje fått oppstartsmidlar i framlegget for 2027. Reguleringsplanen for Volda–Furene er vedteken, og prosjektet er gryteklart. Begge prosjekta må gjevast oppstartsmidlar i statsbudsjettet for 2027.
Fylkeskommunen ber vidare om framdrift for:
- E39 Ålesund–Molde og E39 Vegsund–Breivika, med nødvendige planleggingsmidlar
- E136 Ålesund–Dombås, særleg ved Brusdalsvatnet, Sjøholt og Digernes, og auka ramme til Nye Veier for strekninga Vestnes–Lesja
- E136 Ålesund Sjøgata - Omklassifisering Sjøgata Ålesund. Møre og Romsdal fylkeskommune kan ikkje sjå at det er foreslått løyvd omklassifiseringsmidlar til Sjøgata i Ålesund i statsbudsjettet for 2027. Denne utfordringa vart Samferdselskomiteen gjort kjent med under synfaring i august i år, av både kommunen og fylkeskommunen, og vi etterlyser framdrift i dette arbeidet midt i hjarte av Ålesund.
- RV. 15 Strynefjellet
Kollektivsatsing
Møre og Romsdal treng eit nasjonalt løft for kollektivtransporten, både i byane og i distrikt, særleg når det gjelder frekvens/antall avganger.
Tilskuddsordningen for å kutte prisen på periodebilletter har vært en stor suksess og ført til passasjervekst i Møre og Romsdal. Det er viktig at denne ordningen videreføres på dagens nivå, slik at priskuttene som er innført kan beholdes.
Fylkeskommunen ber også om betre finansiering av Bypakke Ålesund og innfartsvegen frå NTNU og utover, statleg støtte som kan redusere bompengebelastninga på Nordøyvegen, og midlar til utprøving av autonom transport og hurtigbåt i Ålesundsregionen i samarbeid med NTNU.
Fylkeskommunal økonomi
I kommuneproposisjonen i mai varsla regjeringa ein vekst i frie inntekter på mellom 3,5 og 4 mrd. kroner for 2027. I framlegget til statsbudsjett er veksten redusert til 3,2 mrd. kroner, der berre 600 mill. kroner går til fylkeskommunane.
Etter at auka utgifter til demografi er dekte, står sektoren att med eit handlingsrom på om lag ein halv milliard kroner. Store rentekostnader, prisauke og lovpålagde oppgåver pressar fylkeskommunen svært hardt. Kostnadsveksten innan kollektivtransport, ferjer og vegvedlikehald ligg over den kommunale deflatoren på 3,8 prosent.
Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at dei frie inntektene blir auka minst til det nivået som vart varsla i mai, og at kommunesektoren får full kompensasjon for løns- og prisvekst.
Skipsfornying i Sjøforsvaret
Verfta i Møre og Romsdal må brukast i skipsfornyinga i Sjøforsvaret. Forsvarsmateriell har som ambisjon å inngå kontrakt for dei store, havgåande standardiserte fartøya i 2027, med første levering i 2030. Møre og Romsdal har eit av dei sterkaste maritime miljøa i landet, med verft, utrustarar og designkompetanse i verdsklasse.
Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at statsbudsjettet for 2027 set av nok ressursar til å halde tidsplanen med kontraktinngåing i 2027, i tråd med skipsbyggingsstrategien i langtidsplanen for forsvarssektoren. Nasjonal kompetanse må brukast i design, utrusting og vedlikehald av fartøya.
CO₂-avgift for fiskeflåten
Stortinget vedtok 6. oktober 2026 å be regjeringa avvikle CO₂-avgifta for fiskeflåten frå 1. januar 2027. Framlegget til statsbudsjett vidarefører likevel avgifta, og aukar den ordinære satsen frå 4,42 til 5,13 kroner per liter.
Møre og Romsdal fylkeskommune legg til grunn at vedtaket frå 6. oktober 2026 blir følgt opp, og at CO₂-avgifta for fiskeflåten blir avvikla frå 1. januar 2027.
Kraft- og energisituasjon
Tilstrekkeleg tilgang på rimeleg, stabil og føreseieleg kraft og tilstrekkeleg nettkapasitet er ein grunnleggjande føresetnad for verdiskaping, næringsutvikling og arbeidsplassar i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at energipolitikken blir teknologinøytral og legg til rette for at næringslivet får tilgang på den krafta som trengst. Alle utsleppsfrie energikjelder må vurderast for å sikre framtidig krafttilgang, også kjernekraft og små modulære reaktorar (SMR).
Runde Miljøsenter må tilbake på statsbudsjettet
Runde Miljøsenter har ein særs viktig funksjon for forsking, kunnskapsinnhenting og formidling av livet i og kring havet. Senteret ligg ved Noreg sitt sørlegaste fuglefjell, og har etablert seg som eit nasjonalt forskings- og formidlingssenter i tett samarbeid med mellom anna Havforskingsinstituttet, NTNU, NINA, fiskerinæringa og den maritime industrien på Sunnmøre.
For tredje år på rad har regjeringa ikkje funne rom for Runde Miljøsenter i framlegget til statsbudsjett. Senteret har dei siste åra vore avhengig av at midlane blir forhandla inn att i Stortinget. Det gjer det svært vanskeleg å planleggje, halde på kompetanse og vidareføre forskinga.
Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at Runde Miljøsenter får ei varig løyving over statsbudsjettet, og at det i endeleg statsbudsjett for 2027 blir sett av midlar til senteret.
Reversere kuttet til Norsk senter for økologisk landbruk
NORSØK på Tingvoll er Noreg sitt nasjonale kompetansemiljø for forsking, utprøving og formidling av økologisk landbruk. Senteret ligg i front på sirkulær næringsbruk, og arbeidet er viktig for matsikkerheit og beredskap.
I framlegget til statsbudsjett for 2027 er den statlege finansieringa av NORSØK foreslått redusert til 5,8 mill. kroner. Det er eit kutt på om lag 40 prosent på eitt år, og det største enkeltkuttet til ein mottakar av organisasjonstilskot over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Kuttet vil tvinge senteret til å redusere aktiviteten kraftig.
Samstundes har Stortinget sett eit mål om ti prosent økologisk jordbruksareal innan 2032, og NORSØK er tillagt sentrale oppgåver i den nasjonale strategien for økologisk jordbruk. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at kuttet blir reversert.
Stipendandel folkehøgskulane
Regjeringa foreslår på nytt å kutte stipenddelen for fullført folkehøgskule frå 40 til 15 prosent, frå studieåret 2027–2028. Stortinget avviste det same forslaget i budsjettbehandlinga for 2026.
I tillegg foreslår regjeringa ein ny tilskotsmodell som kan gi dei minste skulane kutt på fleire hundre tusen kroner i året. Endringane vil særleg råke elevar med svak økonomi og dei små folkehøgskulane i distrikta.
Møre og Romsdal fylkeskommune ber difor Stortinget vidareføre stipenddelen på dagens nivå og ein tilskotsmodell som sikrar framtida også for dei små skulane.
Forsking, kompetanse, elever og studentbustader
Regionale forskings- og utviklingsmidlar er viktige for næringslivet i fylket. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at desse midlane blir styrkte.
Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at FORREGION blir ført vidare i statsbudsjettet for 2027, med minst same ramme som i 2026.
Fylkeskommunen er glad for at regjeringa foreslår tilskot til 3 050 nye studentbustader i 2027, mot 2 000 i 2026. Vi ber om at ein del av desse kjem studentane i Ålesund til gode.
Fylkeskommunen ber også om meir midlar til å styrkje innanforskap i skulane. Møre og Romsdal fylkeskommune ber regjeringa om å auke både utstyrsstipendet og bortebuarstipendet, slik at dei i større grad dekkjer dei reelle utgiftene elevane har i vidaregåande opplæring.
Helseinnovasjonssenteret er eit viktig miljø for å utvikle nye løysingar for helse- og omsorgstenestene i fylket, i samarbeid mellom kommunar, helseføretak, utdanningsinstitusjonar og næringsliv. Med aukande press på helsetenestene blir slikt innovasjonsarbeid stadig viktigare. Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at løyvinga til Helseinnovasjonssenteret blir fullt kompensert for pris- og lønnsvekst.
Rovdyrtiltak
Auka angrep frå rovdyr gir store utfordringar for sauenæringa i indre delar av Møre og Romsdal. For å følgje opp den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken ber Møre og Romsdal fylkeskommune om at midlane til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir styrkte.
Nasjonal kultursatsing
Møre og Romsdal treng ei større nasjonal satsing på kultur. Kulturinstitusjonar med statleg støtte, som Teatret Vårt, Operaen i Kristiansund og musea i fylket, får ikkje full kompensasjon for prisveksten. Over tid gir dette færre produksjonar og eit svakare kulturtilbod i heile fylket.
I Møre og Romsdal vil vi særleg nemne:
- Tilskotet til Ishavsmuseet Aarvak på Hareid er foreslått redusert frå 2,18 til 1,22 mill. kroner. Kuttet må reverserast.
- I langtidsplan for pilegrissatsinga i Norge ligger driften av de fire godkjente regionale pilegrimssenterene langs kysten lokalisert på Smøla, Selje, Avaldsnes og Bergen. Det er viktig at opptrappingsplanen for Kystpilegrimsleia på 60% statlig andel må følges opp.
- Nynorsk kultursatsing. Det er viktig å styrkje midlane til nynorske kulturinsitusjonar, nynorsk lesesatsing og Nynorsk Bedriftsforum for å betre tilhøva til nynorsk språk og kultur.
Nytt soningssenter i Ålesund
Dagens fengsel i Ålesund er frå 1864.Møre og Romsdal fylkeskommune støttar etablering av eit nytt fengsel i Ålesundsområdet. Dagens fengsel har dårleg teknisk standard og for lite areal.
Kriminalomsorgsdirektoratet har fått i oppdrag å greie ut eit nytt fengsel med 40–60 plassar, og det er allereie sett av tomt. Fylkeskommunen ber regjeringa sikre at prosjektet går vidare til neste fase så snart konseptvalet er avklart.
Kommunal økonomi
Store rentekostnader, prisauke og fleire lovpålagde oppgåver pressar kommunane i Møre og Romsdal hardt.
Møre og Romsdal fylkeskommune ber om at dei frie inntektene til kommunane minst blir auka til nivået som vart varsla i mai, og at kommunane får full kompensasjon for løns- og prisvekst og nødvendige midlar til å styrkje den lokale beredskapen.
Fylkeskommunen ber også om ei statleg tilskotsordning for kommunale avløpsanlegg.
Engangstønad og barnetrygd
Fødselstala går ned både i Møre og Romsdal og landet ellers. Derfor bør eingangsstønaden oppretthaldast, og barnetrygd aukast.
Møteprotokoll og saksframlegg for fylkesutvalet 26. oktober